Kristofer Lorents Hornemann Kristofersen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''Kristofer Lorents Hornemann Kristofersen''' (fødd 1851 i Trondheim, død 1892 i Kristiania) var forfattar. Han var son til kaptein Hans Emil Christofersen og Anna fødd Adler Hornemann.
'''Kristofer Lorents Hornemann Kristofersen''' (fødd 1851 i Trondheim, død 1892 i [[Kristiania]]) var forfattar. Han var son til kaptein Hans Emil Christofersen og Anna fødd Adler Hornemann.

Kristofer Kristofersen var fødd i Trondheim, men han var berre halvtanna år gamal då faren vart forflytta, først til Hemne, seinare til Molde. På skulen i Molde råka han den fire år eldre Olaus Fjørtoft, som han slutta seg til. I 1869 vart han student. I Kristiania tok han kontakt med Fjørtoft og trass i at han var vonbroten over den religiøse radikalismen, heldt han seg likevel nær til Fjørtofts krins, ferdast i Kaffekjælderen, seinare Café National i Pløensbakken ved Youngstorget.

Sideversjonen fra 24. feb. 2017 kl. 11:29

Kristofer Lorents Hornemann Kristofersen (fødd 1851 i Trondheim, død 1892 i Kristiania) var forfattar. Han var son til kaptein Hans Emil Christofersen og Anna fødd Adler Hornemann.

Kristofer Kristofersen var fødd i Trondheim, men han var berre halvtanna år gamal då faren vart forflytta, først til Hemne, seinare til Molde. På skulen i Molde råka han den fire år eldre Olaus Fjørtoft, som han slutta seg til. I 1869 vart han student. I Kristiania tok han kontakt med Fjørtoft og trass i at han var vonbroten over den religiøse radikalismen, heldt han seg likevel nær til Fjørtofts krins, ferdast i Kaffekjælderen, seinare Café National i Pløensbakken ved Youngstorget.

Han studerte teologi og jus, men tok likevel ikkje embetseksamen. Han var radikal, ei tid nærast anarkist og høyrde til den flokken som som samla seg om Olaus Fjørtoft, var med i flaggstriden og agiterte for målsaka. I 1881 prøvde han seg som føredragshaldar i Amerika, utstyrt med tilrådingar frå Ernst Sars og Bjørnstjerne Bjørnson. Ei tid arbeidde han saman med Marcus Thrane i Den nye Tid i Chicago, etter heimkoma i 1882 redigerte han i stutte tidsrom Romsdalsposten, Søndmørsposten og Fredrikstad Dagblad og var innimellom medarbeidar i Dagbladet og Verdens Gang. Frå 1885 til han døydde gav han årvisst ut ei bok, mest forteljingar med klår venstretendens. Størst verd har den siste, På Forpost, (1892) der han under lett maskering gjeve bilete frå studentlivet i Kristiania i 1870-åra, med Olaus Fjørtoft (Olav Toft) som hovudfigur og Kristofer Janson, Marius Hægstad, seg sjølv (Kristian) og andre som bakgrunnfigurar. På Forpost fekk god mottaking og Kristofersen fekk offentleg stipend. Medan han han var på ei reise i Tyskland, vart han sjuk og døydde stutt tid etter i Kristiania.

Kjleder og litteratur
Dale, Johs. A.: Artikkel i Norsk Allkunnebok band VII (1957).
Winsnes, A.H.: Artikkel i Norsk bigrafisk lekskin bind VIII (1938).

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!