Kristofer Lorents Hornemann Kristofersen
Kristofer Lorents Hornemann Kristofersen (fødd 1851 i Trondheim, død 1892 i Kristiania) var forfattar.
Kristofer Kristofersen var fødd i Trondheim, men han var berre halvtanna år gamal då faren vart forflytta, først til Hemne, seinare til Molde. På skulen i Molde råka han den fire år eldre Olaus Fjørtoft, som han slutta seg til. I 1869 vart han sudent
Studerte teologi og jus, men tok ingen embetseksamen. Var radikal, ei tid nærast anarkist, høyrde til den flokken som som samla seg om Olaus Fjørtoft, var med i flaggstriden og agiterte for målsaka. I 1881 arbeidde han saman med Marcus Thrane i Den nye Tid i Chicago, etter heimkoma i 1882 redigerte han i stutte tidsrom Romsdalsposten, Søndmørsposten og Fredrikstad Dagblad og var innimellom medarbeidar i Dagbladet og Verdens Gang. Frå 1885 til han døydde gav han årvisst ut ei bok, mest forteljinga med klår venstretendens. Størst verd har den siste, På Forpost, (1892) der han under lett maskering gjeve bilete frå studentlivet i Kristiania i 1870-åra, med Olaus Fjørtoft (Olaus Toft) som hovudfigur og Kristofer Janson, Marius Hægstad, seg sjølv (Kristian) og andre som bakgrunnfigurar. På Forpost fekk god mottaking og Kristofersen fekk offentleg stipend. Medan han han var på ei reise i Tyskland vart han sjuk og døydde stutt tid etter i Kristiania.
Kjleder og litteratur
Dale, Johs. A.: Artikkel i Norsk Allkunnebok band VII (1957).
Winsnes, A.H.: Artikkel i Norsk bigrafisk lekskin bind VIII (1938).
|