Kvitsøy fyr: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: {{under arbeid}} '''Kvitsøy fyr''' ligg i Kvitsøy kommune. Det blei etablert i 1700 og er såleis eit av dei eldste fyra i landet. ===Opphavsforteljinga=== I følgje lokal tradisjon ...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 6: Linje 6:


===Det første vippefyret===
===Det første vippefyret===
Ein kongeleg resolusjon av 8. mai 1700 gav Henrik Petersen løyve til på eigen kostnad å byggja eit "realfyr" på Kvitsøy og ei sjølykt på [[Høyevarde]] i Karmsundet nord for Kopervik. Fyra skulle vera tente frå 20. august til 20. mars. Som betaling fekk Petersen rett på fire skilling per lest (1,7 kubikkmeter) av skip som kom til Stavanger, Bergen og Trondheim. Tollarane på dei respektive plassane skulle kreva inn avgifta. Mange skip på denne tida hadde ein lastekapasitet på 50-100 lester, så Petersen kunne ofte innkassera 2-3 riksdalar per fartøy. Fyret på Kvitsøy er i 1705 omtala som eit vippefyr. Ein lang stokk var montert på ein trebukk. I den eine enden var ei korg med kol som ein tente på. I andre enden fanst eit tau slik at stokken kunne heisast og senkast. Ein modell av eit slikt vippefyr vart for nokre år sidan reist på Kvitsøy.
===Fyrdynastiet von Fyhren===

Sideversjonen fra 29. mai 2008 kl. 10:57

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Kvitsøy fyr ligg i Kvitsøy kommune. Det blei etablert i 1700 og er såleis eit av dei eldste fyra i landet.

Opphavsforteljinga

I følgje lokal tradisjon skal det liggja ei dramatisk hending bak opprettinga av Kvitsøy fyr. Ei vinternatt i året 1700 kjempa eit skip seg innover mot Stavanger i ein forrykande storm. Fartøyet unngjekk såvidt dei farlege skjera ved Kvitsøy. Ombord var Henrik Petersen Ystad. Han var frå Skåne, men etablerte seg rundt 1690 som skippar og skipsreiar i Stavanger. Henrik skal medan stormen rasa ha lova Vårherre at dersom dei kom trygt fram til Stavanger, skulle han sørgja for å få reist fyr på Kvitsøy og ved Karmsundet. Ein meir dramatisk variant av denne historia går ut på at skipet forliste og Henrik hamna i sjøen. Der skal han så ha gjeve lovnaden om å bli fyrbyggjar, viss han vart berga.

Det første vippefyret

Ein kongeleg resolusjon av 8. mai 1700 gav Henrik Petersen løyve til på eigen kostnad å byggja eit "realfyr" på Kvitsøy og ei sjølykt på Høyevarde i Karmsundet nord for Kopervik. Fyra skulle vera tente frå 20. august til 20. mars. Som betaling fekk Petersen rett på fire skilling per lest (1,7 kubikkmeter) av skip som kom til Stavanger, Bergen og Trondheim. Tollarane på dei respektive plassane skulle kreva inn avgifta. Mange skip på denne tida hadde ein lastekapasitet på 50-100 lester, så Petersen kunne ofte innkassera 2-3 riksdalar per fartøy. Fyret på Kvitsøy er i 1705 omtala som eit vippefyr. Ein lang stokk var montert på ein trebukk. I den eine enden var ei korg med kol som ein tente på. I andre enden fanst eit tau slik at stokken kunne heisast og senkast. Ein modell av eit slikt vippefyr vart for nokre år sidan reist på Kvitsøy.

Fyrdynastiet von Fyhren