Kvivstunnelen

Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Kvivstunnelen er den lengste av tunnelane i Kvivsvegsambandet. Den offisielle markeringa av start på anleggsdrifta her var den 22. januar 2009. Ei sprengstoffsalve vart avfyrt i vegtraseen som ei markering. Det var tale av ordførar i Volda og vegvesenet sine representantar orienterte om prosjektet.

Nørdre Kalvatn i Austefjorden i 1963. Kvivsvegen kjem ut frå Kalvatntunnelen i åsen til venstre, kryssar elva bak kanten på dyrkamarka og går inn i Kvivstunnelen i åsen til høgre
Foto: Widerøe's Flyveselskap
Utsyn mot Nørdre Kalvatn juli 2009 der ein kan sjå anleggsarbeidet er starta
Foto: Oddvar Høydalsvik

Ei markeringssalve vart avfyrt 8. desember både på Kalvatn og Grodås. Det markerte at tunneldrivinga tok til. Tunnelen skulle drivast frå båe sider med 3245 m frå kvar side.

Spesifikasjonar for heile tunnelen:

Lengd
6 490 m
Profil
T8,5
Tverrsnitt
70 m2
Fast volum fjell
454 300 m3
Laus masse på bil
817 740 m3
Plassert masse på veg
681 450 m3
Lengd borhol på salve
5,2 m
Lengd (brytning) salve
4,8 m
Ca tal borhol pr salve
125 stk.
Bormeter pr salve
650 bm
Ca tal salver
1 400 stk
Bormeter totalt
910 000 bm
Ca sprengstoff pr salve
800 kg
Ca sprengstoff totalt
1 120 000 kg
Start tunneldriving
08.12.09

Bilde frå anleggsområdet på Kalvatn