Løfting

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordlands-fembøring med løfting utanfor Nordlandsmuseet i Bodø.
Foto: Olve Utne (1978).

Ein løfting eller ein veng er ein kahytt på ein vengbåt eller ei jekt så vel som på dei større åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Løftingen nordafjells er karakteristisk ved at han faktisk gjerne kan løftast av. Det vart for eksempel gjort på lofotbåtar når dei var framkomne til Lofoten og vart bruka til fiske. I løftingen kunne det vera ein mindre skipsomn til varme og matlaging. Atterskotten vart gjerne kalla løftingen på større båtar i Trøndelag og Nord-Noreg. I Ytre Sogn vart ordet lyfting bruka ikkje berre om sjølve løftingen eller atterskotten, men òg om dei båtane som hadde løfting, enten løftingen var på eller ikkje. På mindre åfjordsfyringar kunne løftingen vera plassert på midten, og han vart da kalla veng.