Løypestrengar i Austefjorden (Volda): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 27: Linje 27:
'''Slåttelida:''' Gnr 76. Dei hadde vedastrengar frå Lidakamben til ein stad i Håvik-koppn og til Gadden på den andre sida av Lidakamben.
'''Slåttelida:''' Gnr 76. Dei hadde vedastrengar frå Lidakamben til ein stad i Håvik-koppn og til Gadden på den andre sida av Lidakamben.


'''Hamre:''' Gnr 75/1 og 2. Bruk 1 hadde vedastreng frå toppen av terenget oppom husa og til tunet. Begge bruka hadde taubane frå naustet og til tunet. Før det kom veg til Hamren var ferdsla til å frå garden med båt, og då ser ein nytta av ei taubane.
'''Hamre:''' Gnr 75/1 og 2. Bruk 1 hadde vedastreng frå toppen av terenget oppom husa og til tunet. Begge bruka hadde taubane frå naustet og til tunet. Før det kom veg til Hamren var ferdsla til å frå garden med båt, og då ser ein nytta av ei taubane.Knut Hamre skreiv om løypestrengar og løyper:
Knut Hamre skreiv om løypestrengar og løyper:
{{Sitat|Hamre hadde to løypestrengar.
{{Sitat|Hamre hadde to løypestrengar.
75/1 sin streng er eldst. Etter at garden vart delt var det sett opp ein streng til for 75/2.
75/1 sin streng er eldst. Etter at garden vart delt var det sett opp ein streng til for 75/2.

Sideversjonen fra 27. des. 2016 kl. 10:11

Løypestrengar i Høydalen

Her skulle gjerne vore presentert full oversikt på Løypestrengar i Høydalen, men det er jammen ikkje lett. Tek her med frå «Ytre Høydalen». Kan ikkje hugse at eg har sett når dei var i bruk. Det var ein streng i Rabben, 62.05572° N 6.20865° Ø, den finn ein i terrenget, lett å sjå i Joledalsråsa. Ser ut som dimensjonen har vore om lag 5/16 tomme. På Øggarden var strammespel på eit par stader, 62,05857° N 6,20685° Ø kart referansa til området er omlag då ein ikkje har funne strengfeste. Går ein nøye gjennom terrenget vil ein truleg finne restar av strengen opp i bakkane der. Vidare var det Løypestrengar i Bøstranda. Ein innom Storeklubben, 62.07555°° N 6.19994°° Ø og ein i området mellom Dekkja og Lissjeklubben 62.07480° N 6.20319° Ø


Martinus H. Høydal, f. 09.03.1864, d. 29.01.1944, var i slutten på krigen i skogen å veda saman med drengen i området framanfor (sørom) Storeskredene. Då brukte dei løypestreng for å få vedastrongane ned frå dei bratte skogsidene. På eit eller anna vis vart Martinus fast i vedstrongen når dei hekta den på løypestrengen så han følgde med eit stykke før han datt ned. Annlaug Hjorthaug, f. 24.04.1938, fortel at han vart sengeliggande etter denne hendinga. Kor lenge veit me ikkje då tidspunkt for ulukka er ukjent. Annlaug var, som årstala viser, lita jente når dette hende men hugsar at han var blå på heile ryggen. Terenget der dette hende er bratt og vanskeleg med stor stein og det som me på dialekt kallar urahol.

Indre Høydalen, daglegtale innom elva, var det løypestrengar fleire stader. I Høydalsvikane var det to strengar frå mest same feste ved Vikesætra, «Brenderota», ein streng gjekk ned på Flotane og den andre midt ut i tuna i Høydalsvikane. Bruka i Høydalsvikane hadde slette i austsida i Langedalen, heiter den dag i dag Vikesletta. Derfrå hadde dei løypestreng til Vikelødene langt lavare og på vestsida av elva. Der hadde dei hesjar og turka graset og lagra høyet i hus til vinteren når det skulle køyrast heim. Det har nok vore fleire strengar serleg vedastrengar i skogsidene i Dalen. Vonar at ein kvan hugsar.

Taubaner

Ola Ødegård, f. 18.09.1911 d. 27.12.1978, bygde snikkarverkstad i Øvsteberget midt på 1940 talet. Han sette då opp ei taubane frå Reita nova og til Øvsteberget for å få støypesand til gards. Dei henta i alle fall noko av sanden i Espe haugen like ved brauta ned til sjøen. Køyrde med hest og kjerre fram til strengfeste på Reita nova og vidare med taubane opp til Øvsteberget. Det har nok vore arbeidsamt. I denne tida var det ikkje annan veg til Berget enn ei verkeleg bratt braut som ikkje var egna for tunge lass oppover. Vegbana var og berre stein, det var vel det einaste som heldt i bratta.

Sivert M. Høydal, f. 11-1.1901, d.10.10.1960, sette opp taubane frå tunet og opp på «Marafallet» for å transportere husdyrgjødsel opp til ein slåtteteig. Lengda på taubana var rundt 150 meter og gjekk til øvre kant på stykket. Nedst på stykket er ein hammar der var bukk for løypestrengen. Namnet «Marafallet» må vel ha samanheng med at ei merr har ramla utfor ein gong i tida. Siste åra vart ho avlinga (andre slått) teke ned med på strengen og lagt i silo. Fyrste slått vart då dregen ned på sloje.

Adolf Nygård, f. 14.08.1895 d. 26.06.1982, sette opp ei taubane for å få husdyrgjødselen mote bakke til areala som låg lenger sør i dalen. Brauta opp frå tunet var tung så lassa med hest vart små. Det er dette Adolf har funne å endre på når han laga taubane frå gjødselkjellaren og til svingen på Timbrebakken. Spelet stod på øvresida av vegen og når kassa med gjødsel kom opp var det eit slag på låsearmen, botnen opna og gjødselen vart liggande i ein haug på øvre vegkant så ny vende. Det tok vel noko tid men slik vart første etappe gjennomført. Neste var hest og vogn, lesse opp og køyre det dit det var tenkt. Dette var før vegane som er der i dag var ferdige.

Frå Flotane fremst i Langedalen var det taubane for varetransport til Osen, der Høydal Elektrisitetsverk bygde dam. Første taubana var av streng slik som vanlege løypestrengar, seinare vart det sett opp ny og då av vaier. Midt på 1950 talet og utover var den brukt til å transportere sementsekkar då betongplate på dammen vart støypt. Sementsekkane hadde hatt lang veg før dei kom til taubana. Fyrst med hest og kjerre frå bygda så langt det var råd vidare vart det kløvja med hest to sekkar, á 50 kg, i venda. Noko å tenkje på no når helikopter som regel er alternativet der det er veglaust.

Bilder

Follabygda

Håvika: Gnr 77. Der var fire bruk og nokre hadde vedastrengar i Håvikstranda i skogsmarka oppom gamlevegen. Om alle brukarane hadde streng er ikkje kjent til denne tid. Johangarden 77/2 hadde ein løypestreng ein stad fram i koppen for å ta ned skog som snøfonna hadde lagt ned. Dette var truleg ein gong på 1940/50 talet og det var berre i ei kort periode.

Slåttelida: Gnr 76. Dei hadde vedastrengar frå Lidakamben til ein stad i Håvik-koppn og til Gadden på den andre sida av Lidakamben.

Hamre: Gnr 75/1 og 2. Bruk 1 hadde vedastreng frå toppen av terenget oppom husa og til tunet. Begge bruka hadde taubane frå naustet og til tunet. Før det kom veg til Hamren var ferdsla til å frå garden med båt, og då ser ein nytta av ei taubane.Knut Hamre skreiv om løypestrengar og løyper:

Hamre hadde to løypestrengar.

75/1 sin streng er eldst. Etter at garden vart delt var det sett opp ein streng til for 75/2. Strengane var mest nytta til å transportere ved ned til tuna. Større strongar (sagtømmer) vart tekne ned på løyper (bratt skråning med berggrunn). På Hamre hadde vi tre slike løyper: Harald løypa,Store løypa og Nabbeløypa. Tømmeret vart frakta fram med handemakt eller med hest. Tømmeret sende dei oftast utfor då berget var islagt. Dei tok det att og drog det til sjøs. Dei drog tømmeret til sagbruk med båt.

Djuvika: 62.058616° N 6.301007° Ø og Botnen: 62.0644946° N 6.2835164° Ø Koordinatane er lagt inn på tunområda.

Løypestrengane i Djuvika, gnr. 71/1, og Botnen, gnr. 73/1, har Ragnar Høydalsvik, f.1948, laga ei oversikt på slik han hugsar det. Han har nummerert strengane frå 10 til 17, desse nummera finn ein att på kartet som ligg som bilde under dette avsnittet.

  • Streng nr. 10. Den er tegna på kartet slik den gjekk før utskiftinga på 50 talet. Den vart flytta lenger opp etter utskiftinga. Truleg brukt til ved og mold frå klovåsen for å dryge naturgjødsla.
  • Streng nr. 11. Slik eg hugsar vart denne strengen vart flytta frå trase nr. 12 til eit område under hamrane som etter kvart vart planta med gran i 1963/64. Strengen heng oppe men er ikkje driftsklar.
  • Streng nr. 12. Ragnar hugsar ikkje at den vart brukt men reknar med at det var til ved. Den vart flytta til nr. 11.
  • Streng nr. 13. Strengen gjekk frå Lemen, eit område med utmarkslette og til tunet på 71/1 Øvre Djuvik. Ragnar hugsar at han som gutunge på 50 talet var med når heile familien var på Lemen å slo. Dei hadde då med mat og var der heile dagen. Strengen vart flytta anten etter utskiftinga men i allefal når ny veg kom i 1959/60.
  • Streng 14. Denne strengen høyrer til gnr. 71/2 Nedre Djuvik. Gjekk frå Lemen frå mest same staden som streng nr. 13 og ned om løda på bruk 2. Brukt til ved og slått. Ned teken då ny veg vart bygd.
  • Streng 15. Den vart flytta frå trase 13. og gjekk ned i ein teig i stranda. Strengen var bratt og brukt til gras frå Lemen. Den datt ned etter ein vinter med mykje snø.

Botnen:

  • Streng 16 Øvste Botnen, gnr. 73/1. Strengen gjekk frå Bruna opp i Botnamarka, skogsteigen til br.1 og til løda. Etter at vegen kom har den no feste ovanfor vegen og den er i orden. Brukt til vedhogst.
  • Streng 17 Nedste Botnen, gnr. 73/2. Denne gjekk frå skogsteigen til Nedste Botnen og til ein eller annan stad ved løda. Den er nedteken og ligg samankveila ved Botnaelva ned om vegen.

Det vert fortalt at gutane som voks opp i 1930 åra hadde ein del moro med løypestrengen. Når dei gjekk på sætra fann dei ofte ut at dei skulle bruke strengen nedatt. Om dei har brukt ein krok og sett seg i stroppa er truleg, døtrene fortel at til kveldsforteljing fortalde faren om desse luftige turane på løypestrengen. Dei tok nevane fulle med høy til å bremse og så passa dei på å ha føtene føre så dei fekk ta i mot når dei hamna i lødeveggen.

Bilder Follabygda

Nes og Langvatn

På Nes var løypestreng frå sætra Høgestøylen og ned på Reset. (Skal prøve å sette på kordinatar seinare) Så langt ein veit brukte Hjellbakkane same strengen. Karstein Nes, f. 10.07.1937, var med på dette. Yrkedagane kom sætretausene nedatt og var med i slåtten men mjølka sende dei ned på strengen til faste tider og med avtala signal. I helga gjekk dei ikkje nedatt i bygda men sende mjølka på løypestrengen, tomhylkja tok ein kvan med oppatt på søndag. Han fortel at alle gardane på Nes hadde vedastrengar frå skogtegane sine. Karstein hugsar at vedastrengen til heimegarden gjekk heilt ned til løda.

Fyrde og Geitvikområdet

Det har sålangt vore vanskeleg å få sikre opplysningar, det er nemnt løypestrengar i Fyrdsberget og i Fyrdsvikane. Nerare informasjon manglar så langt. I «Blåfjellskredene» på austsida under «Blåfjellet» var det ein småbrukar frå Fyrde som hausta gras høgt opp i eit område kalla «Seglet». Han brukte to strengar for å få graset ned, den fyrste frå der han slo og over på inste sida av Geitvikelva. Der vart graslasten lasta over på neste streng som kryssa elva ein gong til og enda ved ein kjerreveg på ystesida av elva. Geitvikdalen er trang med bratte dalsider så kreativ løysing trengdest nok. Gras som veks så høgt til fjells er rettnok kraftigt, men du store for ein insats.


Sjå også: Bruer i Høydalen

Kjelder

  • Karstein Nes, f. 1937, etter hukommelsen når streng frå Høgestøylen var i bruk
  • Annlaug Hjorthaug f. 1938. Minne frå barndommen
  • Ragnar Høydalsvik, f. 1948 om Djuvik og Botnen
  • Kjell Hamre, f. 1946 om Hamre
  • Knut Hamre, f. 1945 om Hamre
  • Magnar Høydal, f. 1937 etter opplevingar og hugs frå oppveksten
  • Sverre Førde, f. 1943