Løypestrengar i Austefjorden (Volda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. nov. 2016 kl. 14:29 av Magnar Høydal (samtale | bidrag) (kort artikkel)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Løypestrengar i Høydalen, her skulle gjerne vore presentert full oversikt på desse men det er jammen ikkje lett. Tek her med frå Ytre Høydalen. Kan ikkje hugse at eg har sett når dei var i bruk, det var ein streng i Rabben den finn ein i terrenget. Ser ut som dimensjonen har vore om lag 5/16 tomme. På Øggarden var strammespel på eit par stader. Går ein nøye gjennom terrenget vil ein truleg finne restar av strengen opp i bakkane der. Vidare var det Løypestrengar i Bøstranda. Ein innom Storeklubben og ein i området innanfor Lissjeklubben eller mot Dekkja. Den som har meir informasjon om dette tema må hjelpe til.

Martinus H. Høydal var i slutten på krigen i skogen å veda saman med drengen i området framanfor (sørom) Storeskredene. Då brukte dei løypestreng å få få veden ned frå dei bratte skogsidene. På eit eller anna vis vart Martinus fast i vedstrangen dei hekta opp på løypestrengen så han følgde med eit stykke før han datt ned. Kva mein han fekk er skrivaren ikkje kjend med. Men terenget er vanskeleg med stor stein og det som me på dialekt kallar urahol.