L.K. Hjelle

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. sep. 2011 kl. 06:43 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: L.K. Hjelle er ein møbelfabrikk i Sykkylven. Bedrifta vart skipa i 1940 av Lars K. Hjelle og svograne hans, Arne Welle og Petter Furseth. Første tida var bedrifta spreidd over seks forskj...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

L.K. Hjelle er ein møbelfabrikk i Sykkylven. Bedrifta vart skipa i 1940 av Lars K. Hjelle og svograne hans, Arne Welle og Petter Furseth. Første tida var bedrifta spreidd over seks forskjellige kjellarlokale i Sykkylven, men i 1942 bygde dei fabrikk på Vikøyra. Då var talet på tilsette kome opp i 16. Første byggesteget var på ei høgd, men fram til 1947 var bygget utvida til å omfatte tre høgder. Bedrifta hadde då kapasitet til å ta seg av treverkproduksjonen sjølv.

I 1944 løyste L.K. Hjelle ut medeigarane, og han stod då att som eineeigar.

L.K. Hjelle engasjerte seg tidleg i eksport. Han tok til orde for at bedrifter på Sunnmøre måtte gå saman i eksportorganisasjonar for å få større tynge i eksportframstøytene. L.K. Hjelle Møbelfabrikk var mellom dei tjue møbelbedriftene som i 1956 gjekk saman i Norwegian Furniture Export Company Ltd.