L.K. Hjelle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

L.K. Hjelle er ein møbelfabrikk i Sykkylven. Bedrifta vart skipa i 1940 av Lars K. Hjelle og svograne hans, Arne Welle og Petter Furseth. Første tida var bedrifta spreidd over seks forskjellige kjellarlokale i Sykkylven, men i 1942 bygde dei fabrikk på Vikøyra. Då var talet på tilsette kome opp i 16. Første byggesteget var på ei høgd, men fram til 1947 var bygget utvida til å omfatte tre høgder. Bedrifta hadde då kapasitet til å ta seg av treverkproduksjonen sjølv.

I 1944 løyste L.K. Hjelle ut medeigarane, og han stod då att som eineeigar.

L.K. Hjelle engasjerte seg tidleg i eksport. Han tok til orde for at bedrifter på Sunnmøre måtte gå saman i eksportorganisasjonar for å få større tynge i eksportframstøytene. L.K. Hjelle Møbelfabrikk var mellom dei tjue møbelbedriftene som i 1956 gjekk saman i Norwegian Furniture Export Company Ltd. I 1965 gjekk heile 60% av produksjonen til verksemda til utlandet.

I 1966 gjekk møbelfabrikken over til å bli aksjeselskap. Då hadde også sønene til L.K.Hjelle, Lars og Jarle, kome med i bedriftsleiinga. Året etter flytte dei inn i moderne fabrikklokale i ei høgd og med ei flatevidd på 2000 kvadratmeter. Det nye bygget med tilhøyrande produksjonsopplegg var planlagt i samråd med rasjonaliseringsekspertar ved Statens Teknologiske Institutt.

Sist i 60-åra satsa L.K. Hjelle Møbelfabrikk AS sterkare på heimemarknaden att. Heile tida har bedrifta produsert salongar, sofaer og stolar i det øvre kvalitets- og prissjiktet. Bemanninga låg lenge stabilt mellom 30 og 40.