L/L Vik Båtbyggeri: Forskjell mellom sideversjoner

Opplysningar om byggemåte.
(→‎Om båtar og båtbygging: ny båt, Varnes, i tabellen)
(Opplysningar om byggemåte.)
Linje 4: Linje 4:


Dette var utgangspunktet for stiftinga av lutlaget, som dreiv omfattande med 10-15 mann i arbeid først i 1950-åra under dei gode tidene for sildefisket. Dei dreiv både nybygg, reparasjonar og ombyggingar. Men da det fisket gjekk attende, vart òg verksemda redusert.
Dette var utgangspunktet for stiftinga av lutlaget, som dreiv omfattande med 10-15 mann i arbeid først i 1950-åra under dei gode tidene for sildefisket. Dei dreiv både nybygg, reparasjonar og ombyggingar. Men da det fisket gjekk attende, vart òg verksemda redusert.
==Den vanlege byggjemåten ved Vik==
var med [[doblingspant]] og røter på kvart av desse. I Høydalen er ikkje furuskog, så all materialen var innkjøpt frå andre bygder. Storparten av materialen vart kjøpt frå [[Bjørkedalen]] i Volda, men det hende at det også vart kjøpt frå andre stader. Ikkje all material til hud er like god å arbeide med. For å hude akterskipet, treng ein material som toler godt å verte forma. Det er særleg rundt kvistebrigde ein ser at overflata vil slitne så den må låsast.
Når det vart bygt på doblingspant på Vik, nytta ein ei rot på kvart av dei, i tillegg røter eller greinvinklar til andre samanbindingar. Ein trong truleg mellom 20 og 30 stk.
Å få fram så mange røter på skogen er eit tungt arbeid, men dei som dreiv med dette hadde lært handverket sitt, og utvikla teknikkar på å ta ut  [[Spanterøter og bjelkekne|spanterøter]].
Når det vert brukt understemne med meir stigning enn kjølen, legg ein også på eit innvendig understemne  frå fremste heilespant og framover. Kjølsvinet vert felt ned på dette indre understemne og gjev overlapping av skøyten. Her vert det brukt halvespant som vert felte til sida på indre understemne og festa med gjennomgåande boltar. Vidare framover vert det meir mal , spiss vinkel, i desse spanta, og då set ein opp spanta meir i 90 grader vinkel til skutesida enn til kjølen. Då heiter dei kantraspant.
I akterenden vart kantraspanta bolta i eit kraftig tømmer lagt på sida av attklossingane. Her var det gjennomgåande boltar, horisontalt gjennom attklosingane og vertikalt gjennom kantraspanta.
Dei som hadde tinga båt, kom oftast inn til båtbyggeriet antan fredag eller laurdag. Då hadde dei med solar; dieselolje, som vart sprøytt på spanta og alt treverk. Dette vart gjort i mange omgangar utover i byggjeprosessen, også etter at huda var lagd. Dei sprøytte då ut mellom spanta i opninga over bjelkevegar. På [[Nybør]] og [[Arne Longva]], som begge var 60 fot, vart det brukt fleire hundre liter. Dette kan vera ei årsak til at desse skroga har halde seg friske etter alderen.
Framdrifta under bygging var om lag slik: Når spanta var røyste la ein setgangane, dei tre øvste hudgangane. Etter det vart det lagt bjelkevegar med eventuell undervegar, bjelkar og garnering. Når ein byrja å leggje dekk, vart det sett opp ei form for tak, anten presenning eller bølgeblekk. Det var viktig å verne dekket  mot nedbør til det var ferdig drive og smurt. I artikkelen [[Hud og dekk]]  vert det forklart litt meir om dette.
Båten var ferdig huda til sommarferien, så nær som fyllingsgangane. Der stod det ope til etter ferien. Utrøna, solgangsbrisen, stod rett inn fjorden og mot båtbyggeriet. På forsommaren ga dette god turk på skroga.  Dersom huda byrja å få litt smårivner av at ho turka for fort, vart det smurt eit strøk med kokt linolje. Det tetta litt på overflata, og var med å hindre bråturk.
==Drivinga av skroget==
Ein av arbeidarane tok drivinga på akkord når dei andre hadde sommarferie. Då dreiv han med to tottar, beka og skrapa heile skroget. Drivaren var ein senesterk mann som verkeleg kunne faget sitt. Han brukte rundt fjorten dagar på denne jobben, og arbeidsdagen hans var godt over den vanlege lengda. Den som har drive, veit kor hardt dette er for handledd og skuldrar.
Etter ferien la ein inn fyllingsplankane som ein har venta med, for å lufte og turke skroget i sommarferien. Det var vanlegvis to omfar. Dei vart nagla og festa på vanleg vis. Når også dei var drivne, vart heile skroget høvla med pusshøvel. Då er det klart for innsetjing med olje, som i 1950 åra var Trekkfastolje, eller ein blanda sjølve tjøre og amerikansk terpentin. Dette vart påsmurt så lenge det ville trekkje inn i veden.
Bygging av rekka vert forklart kort og generelt i avsnittet om [[Hud og dekk#rekke|rekke]] i artikkelen [[Hud og dekk]].
==Innreiing==
Første del av innreiingsarbeidet var å setje opp skotta mellom lugar og rom, kahytt og maskin.     
Når skottet er oppsett, vert dørken lagd. Ein  byggjer opp benkar og køyer, og der det er mogleg lagar ein eit skap.  Skapdører, skuffefrontar og bordplater vart laga på møbelfabrikken i bygda. Dei laga til vanleg slike ting med 90 graders vinkel i hjørna, men  desse tinga måtte dei lage etter medsend modell. Skuffene er tilpassa der dei skal inn, og har skrå vinklar for å utnytte plassen. Slik er kvar ting tilpassa staden sin.
Innreiing av kahytt og lugar vart laga på staden. I 1940- og fyrst i 50-åra var det stort sett målingskvalitet på det meste. Ofte vart det brukt fiberplater av ymse kvalitetar. Seinare kom respatex og diverse laminerte plater. Dette har sjølvsagt endra seg mykje sidan den tid.
I maskinromet er det mykje som skal på plass før det vert sett opp skott mot romet. Siste delen av det er ein eigen midtseksjon som kan skruast laus og takast bort når det er større arbeid som skal gjerast i maskinromet.
==Stålarbeid==
Nokre av arbeidarane sveisa, men i ein liten arbeidsstokk måtte alle kunne gjere alt. Når arbeidet etter ferien starta opp att, vart det byrja på stålarbeidet. Det var keising, lukekarm og lugarkappe, alle tankar for drivstoff, smurning og vatn, kasse til styremaskina og alle rorbeslag. Ein smidde alle beslag til mastrer og bommar, og kjølhakar og fjørboltar. Klyss og stemneblokk høyrde også med.
Det som kanskje var mest oveide var stemnejarnet; eit beslag som ligg utanpå stemnefyljaren og skulle bøyast til å gå noko bakover understemnet. Det var laga av 3 x 1,5- toms halvrundjarn. Dette jarnet var om lag seks meter langt, så det var mødeleg å få i avlen og gje jamn varme for å forme det. Seinare, når dekkshusa var komne om bord, var det galgebukkar og davitar. Det er også mange rekkverk på ein båt, som til dømes på galgedekk og rorhustak. Eit lite rekkverk på svineryggen høyrde også med. Bingstøttene i romet var laga av 3 kanaljarn sveist saman så det gav 4 spor. Desse støttene vart oftast sende til galvanisering før dei vart monterte. Alle listjarn skulle formast og borast. Det er mange detaljar som skal på plass før ein båt er ferdig, og det er mange som ikkje er oppramsa her.
Då der ikkje var kran ved båtbyggeriet,  vart båtane sjøsette for å ta om bord motor og andre tunge kolli. Når båten vert teken på slipp for ferdiggjering, står han ikkje i flytestilling slik som på byggestaden. Då må ein nytte ein kile på vateren for å tilpassa stigninga båten står i.
Motorane vart monterte av montørar frå motorfabrikkane som leverte motoren.
I 1940- og -50 åra var det svært lite av verktøy og maskiner, så ein kan med vissheit sei at det var handverk. Der var ei tømmersag og ei bordsag, sjølvlaga som det meste av verktøyet, ein planhøvel og ein tjukkelsehøvel og ei bandsag. Gjennom åra hadde det vorte laga mange forskjellige handverktøy og småreiskap. Desse var utforma som resultat av mange års erfaring.
Alle gjorde sitt beste for eit godt resultat. Samtalar med tidlegare og noverande eigarar no 50 til 60 år etter, gjev grunn til å tru at ein har lukkast.
== Andre byggemetoder ==


Først i 1970-åra gjekk så Vik Båtbyggeri i gang med å bygge båtar med laminerte spant, som det første på Sunnmøre. Men trebåtbygginga leid mot slutten, og sjølv om bedrifta prøvde seg med å bygge både i plast og aluminium, vart ho avvikla i 1995.
Først i 1970-åra gjekk så Vik Båtbyggeri i gang med å bygge båtar med laminerte spant, som det første på Sunnmøre. Men trebåtbygginga leid mot slutten, og sjølv om bedrifta prøvde seg med å bygge både i plast og aluminium, vart ho avvikla i 1995.
Skribenter
1 622

redigeringer