L/L Vik Båtbyggeri
L/L Vik Båtbyggeri vart etablert som lutlag (aksjeselskap) i Høydalen i Volda i 1946 av brørne Rasmus J. Høydalsvik (1910-2005) og Håkon J. Høydalsvik (f. 1922) og nokre mindre aksjonærar. Minst to generasjonar før desse to brørne frå Jakobgarden i Høydalsvikane dreiv med båtbygging i kombinasjon med gardsdrift og vinterfiske.
Utover 1900-talet dreiv dei med båtbygging både under stabburet og i kjellaren på våningshuset i Jakobgarden. Det var helst færingar dei produserte. Rasmus Høydalsvik arbeidde ved Brastads Skipsbyggeri i Brattvåg frå 1937 for å lære å bygge større båtar, og da kirgen kom flytta han attende til Høydalen og begynte å bygge båtar i naustet på garden.
Dette var utgangspunktet for stiftinga av lutlaget, som dreiv omfattande med 10-15 mann i arbeid først i 1950-åra under dei gode tidene for sildefisket. Dei dreiv både nybygg, reparasjonar og ombyggingar. Men da det fisket gjekk attende, vart òg verksemda redusert.
Først i 1970-åra gjekk så Vik Båtbyggeri i gang med å bygge båtar med laminerte spant, som det første på Sunnmøre. Men trebåtbygginga leid mot slutten, og sjølv om bedrifta prøvde seg med å bygge både i plast og aluminium, vart ho avvikla i 1995.
Bilde
- MB «Dølstind» bygd i Bjørkedalen 1909, ombygd i Ulstein i 1935, forlenga på Vik Båtbyggeri 1948
Litteratur
- Høidal, Eldar. 2007. Busetnadssoga for Volda bd 3, s. 16-19.