Landnotset i Austefjordområdet

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. mar. 2010 kl. 22:53 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Ny side: ==Notaset / notakast== Dette måtte alle som skulle setje landnot kunne eller så vart det unødig mykje reparasjonar. Stein, trerøter og anna rusk på botnen vart kalla «hengje». Notaka…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Notaset / notakast

Dette måtte alle som skulle setje landnot kunne eller så vart det unødig mykje reparasjonar. Stein, trerøter og anna rusk på botnen vart kalla «hengje». Notakarane visste om hengja var lette eller vanskelege å hanskast med.

  • Holsvika: Har rein botn med unntak av ein stor stein som ligg litt utfor renna frå Storenotanaustet og ei helle ved elva. (Steinen har sikkert eit namn).
  • Utom Holmen: Rein botn frå notahengjet litt utom Haggaren i Holsvik-stranda, litt etter kor djup nota var.
  • Djuvikstranda: Frå Haggaren ei urd, så eit lite område med «kast», så ei urd att.
  • Djuvika: «Kast» innom «Laurits-naustet», så urd, så «kast» frå litt innom Djuvikelva nesten til inste Stigalidet. Lite kast mellom kaiene til Skinviksandtaket. Så dårleg til utom Skinvikelva.
  • Follabugen: «Kast» frå Skinvikelva til elva frå Follavatnet. Men ein «hund» eit stykke bort for Skinviknaustet, nokre steinar for Åkoma i Botnahola, noko problem rundt Kuen. Vidare mot Kieneset vanskeleg å kaste, dels grunna vanskeleg botn men mest grunna sterk straum.
  • Granden / Grasneset / tidl. Grusneset: Er blaut sand å styre seg i ved fjøre sjø. Ved flod sjø blir det vanskeleg då ein får elvestraumen i nota. Er brådjupt og derfor vanskeleg å få nota i botn fort nok til å berge fisk.
  • Gjerdestøda: Knapt kast for støda.
  • Trosvikja: Knapt kast frå gamalt.
  • Engjabugen: Rimeleg rein frå steinrøys til Engjatunet. Ein stor stein noko av land på indre del. 2009 utgått som landnotkast grunna vegarbeid på Kvivsvegsambandet / Fyrdsbergtunnellen.
  • Flatefjøra: Brukande.
  • Leirvikskjæret (Hamre): Knapt, men godt kast.
  • Leirvikja (Aurstad): Paddemark.
  • Dalen: Brukande.
  • Skorneset: Kast på innsida mot Hamrefluda.
  • Trongestyda: God.
  • Andaskæret: God. Straumhart.
  • Sagstyda: Alminneleg bra.
  • Utsida Kalafluda: Kast
  • Innsida Kalafluda: Kast.
  • Kastet på sydsida av Matskjæret: Knapt. Ikkje brukbart lenger.
  • Benken: Brukbart, nærdjupt.
  • Djupebugen: Knapt kast.
  • Selvikstøylane: Knapt / brukbart.
  • Kråkehaugen: Knapt.
  • Saudevikja (før Hjorthaug): Knapt.
  • Hjartåbugen: «Elin» ligg på botnen her, vanskeleg.

Kjelder og informantar: