Landskapsvern

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. nov. 2023 kl. 01:54 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:m» til «[[Kategori:M»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Strandnær slåtteeng i Dalan under Hals i Aure kommuneNordmøre. Slåtteeng blir best bevart ved moderat gjødsling og sein høyslått — etter at blomstrane har sett frø.
Foto: Olve Utne (26. juni 2014).

Landskapsvern er arbeidet med å bevara og restituere område med særlig verdifulle/sjeldne naturtypar. Dette kan inkludere kulturlandskap av både innmarks- og utmarkstype så vel som i hovudsak kulturuavhengige landskapstypar. Landskapsvern blir gjerne utøvd gjennom ein kombinasjon av forbod og praktiske tiltak, inkludert tradisjonell bruk av landskapet. Det finst ulike sonar og grader av strengheit i det offentlige landskapsvernet — frå tilskott til lokale tiltak via nasjonalparkar til naturreservat.