Lars Andreas Oftedahl: Forskjell mellom sideversjoner

Mellomlagring
Ingen redigeringsforklaring
(Mellomlagring)
Linje 15: Linje 15:
== Opplysningspresten ==
== Opplysningspresten ==
I Rennesøy gjorde Oftedahl seg til talsmann for å starte opp igjen og vidareutvikle hummarfiske i sjøen der, som hadde vore drive i eit visst omfang tidlegare, men som hadde lege nede i mange år.  Frå ca. 1814 tok det seg opp att, og soknepresten arbeidde ivrig for at dette skulle bli ei næring til beste for bygda, ikkje minst for dei mindre velståande strandsitjarar, husmenn og andre fattigfolk.

Han arbeidde elels hardt for å betre skulestellet i bygda, mellom anna ved å gje systematisk undervisning av ungdomar som skulle bli lærarar der. I 1813 fekk han i gang ein fastskule i Rennesøy i eit hus som han fekk bygd for føremålet. Det var ein framhaldsskule, dvs eit påbygg på allmugeskulen. Den var berre for gutar, som fekk undervisning i naturkunnskap, historie, morsmål og rekning. Skulesesongen vara frå mai til september. Elevar som ikkje hadde heime i nærleiken, budde i andre etasjen i skulehuset eller leigde seg inn hjå familiar i grannelaget. Skulen var i verksemd til 1821, da læraren der døydde.
Også i Kristiansand fekk Oftedahl sett i gang eit skuletiltak, ein såkalla [[borgerskole|borgarskule]] eller mellomskule. Den kom i gang i 1822, og var meint som førebuing til latinskulen, for born som hadde lært seg det elementære av skriving og lesing. Faga ved Oftedahls skule var religion, lesing, rekning og skriving, historie, geografi, litt latin og fransk. Oftedahl overlet skulen allereie året etter til ein annan, og den vart nedlagd i 1825.
I Kristiansand var naturleg nok stiftsprost Oftedahl aktiv i betring av fattigvesenet, mellom anna ved å lage eit utkast til fattiglov i 1828.
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer