Lars Hellemo

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Lars Hellemo (fødd Johnsen 1917 i Sand (no Suldal kommune), d. i Stavanger) var lektor og lokalhistorikar. Foreldra var lærar Toralv Johnsen og Karen Gramstad. Han gifta seg i 1946 med Tora Thomsen (f. 1921) frå Fister.

Hellemo tok norsk hovudfag i 1946, med tysk og historie som sidefag. Hovudoppgåva heitte Ord og nemningar frå arbeidslivet i Suldal og Røldal. Ei utvida utgåve kom ut i skriftserien til Norsk Målførearkiv i 1957: Frå det gamle arbeidslivet. Ord og nemningar, truer og tradisjon frå arbeidslivet i Suldal, Røldal og Sauda. Føremålet var å prøve å gje eit bilete av arbeidslivet frå om lag midten av 1800-talet og framover, og få med eit oversyn over det viktigaste ordtilfanget, truene og tradisjonen som knytte seg til det gamle arbeidslivet. Arbeidet har såleis eit tverrfagleg opplegg.

Bibliografi (utval)

  • Frå det gamle arbeidslivet : ord og nemningar, truer og tradisjon frå arbeidslivet i Suldal, Røldal og Sauda. 1957. 157 s.
  • Vister etter villrein. Veiding i Dyraheio og på Vidda. I: Årbok. Stavanger turistforening. 1969. S. 21–68.
  • Frå torvskurd til tingsal : kulturhistoriske riss frå Rogaland. 1985. 84 s.
  • Rett og rangt i namneverket i Rogaland. I: Ætt og heim. 1992. S. 67–83.

Kjelder og litteratur

  • Norges filologer og realister. 1950.