Lars K. Ødegaard: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Lars Kristianson Ødegaard''' (Øygarde) (fødd 17/11-1877, død 5/4 1933) var lærar og fotograf. Han vaks opp på nordre Øygarden i...)
 
(korr. og sorter)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Lars K. Ødegaard|Lars Kristianson Ødegaard]]''' (Øygarde) (fødd 17/11-1877, død 5/4 1933) var lærar og fotograf. Han vaks opp på [[Nordre Øygarden (Hol)|nordre Øygarden]] i Lien, aust for [[Geilo]], [[Hol kommune (Buskerud)|Hol]], som femtemann i ein syskjenflokk på åtte. Foreldra, Kristian Tolleivson (1828-1912) frå nordre Sveinhaug og Barbro Eilivsdotter (1843-1919) frå Byplassen (Dagali), var gardbrukarar.  
'''[[Lars K. Ødegaard|Lars Kristianson Ødegaard]]''' (Øygarde) (fødd 17/11-1877, død 5/4 1933) var lærar og fotograf. Han vaks opp på [[Nordre Øygarden (Hol)|nordre Øygarden]] i Lien, aust for [[Geilo]], [[Hol kommune (Buskerud)|Hol]], som femtemann i ein syskjenflokk på åtte. Foreldra, Kristian Tolleivson (1828-1912) frå nordre Sveinhaug og Barbro Eilivsdotter (1843-1919) frå Bryplassen (Dagali), var gardbrukarar.  


Lærarutdanninga tok han ved [[Elverum lærerskole|Elverum friseminar]], der han er oppført som elev i 1900<ref>{{folketelling person|pf01037064002000|Lars Ødegaard|1900|Elverum}}</ref>. Før han var ferdigutdanna virka Lars som lærar ved Skurdalen skule mellom 1897 og 1899. Etter lærarskulen flytta han i 1902 til [[Nes kommune|Nes]], der han fyrst arbeidde ved Dokken skule og seinare ved Skåterudmoen.  
Lærarutdanninga tok han ved [[Elverum lærerskole|Elverum friseminar]], der han er oppført som elev i 1900<ref>{{folketelling person|pf01037064002000|Lars Ødegaard|1900|Elverum}}</ref>. Før han var ferdigutdanna virka Lars som lærar ved Skurdalen skule mellom 1897 og 1899. Etter lærarskulen flytta han i 1902 til [[Nes kommune|Nes]], der han fyrst arbeidde ved Dokken skule og seinare ved Skåterudmoen.  
Linje 18: Linje 18:
*Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge. Aventura, 1988. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2012091806030}}.
*Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge. Aventura, 1988. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2012091806030}}.
*Hallingdal folkemuseum 1899-1999. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2010082508004}}.
*Hallingdal folkemuseum 1899-1999. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2010082508004}}.
{{DEFAULTSORT:Ødegaard, Lars K.}}


[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Personer]]

Sideversjonen fra 17. nov. 2013 kl. 21:45

Lars Kristianson Ødegaard (Øygarde) (fødd 17/11-1877, død 5/4 1933) var lærar og fotograf. Han vaks opp på nordre Øygarden i Lien, aust for Geilo, Hol, som femtemann i ein syskjenflokk på åtte. Foreldra, Kristian Tolleivson (1828-1912) frå nordre Sveinhaug og Barbro Eilivsdotter (1843-1919) frå Bryplassen (Dagali), var gardbrukarar.

Lærarutdanninga tok han ved Elverum friseminar, der han er oppført som elev i 1900[1]. Før han var ferdigutdanna virka Lars som lærar ved Skurdalen skule mellom 1897 og 1899. Etter lærarskulen flytta han i 1902 til Nes, der han fyrst arbeidde ved Dokken skule og seinare ved Skåterudmoen.

Han gjekk i fotolære hjå Theodor Larsen i Tønsberg og arbeidde ei tid hjå fotograf Ludvig Forbech (1865-1942) i Kristiania. I 1907 starta han med portrettfotografering ved sida av lærarjobben, og i skuleferiane sykla han rundt med fotoutstyret og tok bilete av landskap og folkeliv. Ein del av desse vart til prospektkort. I Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge er han omtalt som ein "halvprofesjonell og nokså lokal fotograf", men det står også at "han fikk laget mellom 800 og 1000 gode kort i tiden fra 1909 ril 1932".[2] Det er flest bilete frå Hallingdal, men også frå mellom anna Finse, Ulvik, Numedal og Valdres. Nokre av glasplatene etter Lars gjekk tapt i brann på Skåterudmoen, men resten finst i Hol Bygdearkiv. Fotoutstyret er i Hallingdal Folkemuseum sitt eige.

Lars gifta seg med Kari Dokken frå Nes, og paret fekk fire born, mellom anna Hildur som vart telegrafbestyrar i Nes og som også gjekk i fotolære. Familien budde fyrst på garden Dokken, deretter på Skåterudmoen, før dei i 1926-27 flytta til Bjerringgården i sentrum av Nesbyen. Her fekk Lars innreidd fotoatelier og -forretning.

Ødegaard ga i 1925 ut boka Hallingdal i tekst og billeder på eige forlag.

Referansar

  1. Mal:Folketelling person
  2. Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge Mal:Bokhylla

Kjelder