Lars K. Ødegaard: Forskjell mellom sideversjoner
(lenke til fotografier) |
(lenkefiks) |
||
Linje 26: | Linje 26: | ||
[[Kategori:Personer]] | [[Kategori:Personer]] | ||
[[Kategori:Hol kommune]] | [[Kategori:Hol kommune]] | ||
[[Kategori:Nes kommune]] | [[Kategori:Nes kommune (Buskerud)]] | ||
[[Kategori:Fotografer]] | [[Kategori:Fotografer]] | ||
[[Kategori:Lærere]] | [[Kategori:Lærere]] |
Sideversjonen fra 17. nov. 2013 kl. 22:00
Lars Kristianson Ødegaard (Øygarde) (fødd 17/11-1877, død 5/4 1933) var lærar og fotograf. Han vaks opp på nordre Øygarden i Lien, aust for Geilo, Hol, som femtemann i ein syskjenflokk på åtte. Foreldra, Kristian Tolleivson (1828-1912) frå nordre Sveinhaug og Barbro Eilivsdotter (1843-1919) frå Bryplassen (Dagali), var gardbrukarar.
Lærarutdanninga tok han ved Elverum friseminar, der han er oppført som elev i 1900[1]. Før han var ferdigutdanna virka Lars som lærar ved Skurdalen skule mellom 1897 og 1899. Etter lærarskulen flytta han i 1902 til Nes, der han fyrst arbeidde ved Dokken skule og seinare ved Skåterudmoen.
Han gjekk i fotolære hjå Theodor Larsen i Tønsberg og arbeidde ei tid hjå fotograf Ludvig Forbech (1865-1942) i Kristiania. I 1907 starta han med portrettfotografering ved sida av lærarjobben, og i skuleferiane sykla han rundt med fotoutstyret og tok bilete av landskap og folkeliv. Ein del av desse vart til prospektkort. I Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge er han omtalt som ein "halvprofesjonell og nokså lokal fotograf", men det står også at "han fikk laget mellom 800 og 1000 gode kort i tiden fra 1909 ril 1932".[2] Det er flest bilete frå Hallingdal, men også frå mellom anna Finse, Ulvik, Numedal og Valdres. Nokre av glasplatene etter Lars gjekk tapt i brann på Skåterudmoen, men resten finst i Hol Bygdearkiv. Fotoutstyret er i Hallingdal Folkemuseum sitt eige.
Lars gifta seg med Kari Dokken frå Nes, og paret fekk fire born, mellom anna Hildur som vart telegrafbestyrar i Nes og som også gjekk i fotolære. Familien budde fyrst på garden Dokken, deretter på Skåterudmoen, før dei i 1926-27 flytta til Bjerringgården i sentrum av Nesbyen. Her fekk Lars innreidd fotoatelier og -forretning.
Ødegaard ga i 1925 ut boka Hallingdal i tekst og billeder på eige forlag.
Fotografi av Lars K. Ødegaard
Referansar
- ↑ Mal:Folketelling person
- ↑ Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge, s. 40
Kjelder
- Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. b2 og b6.
- Hol kommunes nettsider. Besøkt 14/3-2013.
- Preus museum: Registrer over norske fotografer og fotografiske samlinger.
- Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge. Aventura, 1988. Mal:Bokhylla.
- Hallingdal folkemuseum 1899-1999. Mal:Bokhylla.