Lars K. Ødegaard: Forskjell mellom sideversjoner
(et par kategorier + småtteri) |
(F1) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''[[Lars K. Ødegaard|Lars Kristianson Ødegaard]]''' (Øygarde) (fødd 17. november 1877, død 5. april 1933) var lærar og fotograf. Han vaks opp på [[Nordre Øygarden (Hol)|nordre Øygarden]] i Lien, aust for [[Geilo]], [[Hol kommune (Buskerud)|Hol]], som femtemann i ein syskjenflokk på åtte. Foreldra, Kristian Tolleivson (1828-1912) frå nordre Sveinhaug og Barbro Eilivsdotter (1843-1919) frå Bryplassen (Dagali), var gardbrukarar. | <onlyinclude>'''[[Lars K. Ødegaard|Lars Kristianson Ødegaard]]''' (Øygarde) (fødd 17. november 1877, død 5. april 1933) var lærar og fotograf. Han vaks opp på [[Nordre Øygarden (Hol)|nordre Øygarden]] i Lien, aust for [[Geilo]], [[Hol kommune (Buskerud)|Hol]], som femtemann i ein syskjenflokk på åtte. Foreldra, Kristian Tolleivson (1828-1912) frå nordre Sveinhaug og Barbro Eilivsdotter (1843-1919) frå Bryplassen (Dagali), var gardbrukarar. | ||
Lærarutdanninga tok han ved [[Elverum lærerskole|Elverum friseminar]], der han er oppført som elev i 1900. Før han var ferdigutdanna, virka Lars som lærar ved Skurdalen skule mellom 1897 og 1899. Etter lærarskulen flytta han i 1902 til [[Nes kommune|Nes]], der han fyrst arbeidde ved Dokken skule og seinare ved Skåterudmoen. | Lærarutdanninga tok han ved [[Elverum lærerskole|Elverum friseminar]], der han er oppført som elev i 1900. Før han var ferdigutdanna, virka Lars som lærar ved Skurdalen skule mellom 1897 og 1899. Etter lærarskulen flytta han i 1902 til [[Nes kommune|Nes]], der han fyrst arbeidde ved Dokken skule og seinare ved Skåterudmoen.</onlyinclude> | ||
Han gjekk i fotolære hjå Theodor Larsen i Tønsberg og arbeidde ei tid hjå fotograf Ludvig Forbech (1865-1942) i Kristiania. I 1907 starta han med portrettfotografering ved sida av lærarjobben, og i skuleferiane sykla han rundt med fotoutstyret og tok bilete av landskap og folkeliv. Ein del av desse vart til prospektkort. I ''Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge'' er han omtalt som ein "halvprofesjonell og nokså lokal fotograf", men det står også at "han fikk laget mellom 800 og 1000 gode kort i tiden fra 1909 ril 1932".<ref>Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge, s. 40</ref> Det er flest bilete frå Hallingdal, men også frå mellom anna Finse, Ulvik, Numedal og Valdres. Nokre av glasplatene etter Lars gjekk tapt i brann på Skåterudmoen, men resten finst i Hol Bygdearkiv. Fotoutstyret er i Hallingdal Folkemuseum sitt eige. | Han gjekk i fotolære hjå Theodor Larsen i Tønsberg og arbeidde ei tid hjå fotograf Ludvig Forbech (1865-1942) i Kristiania. I 1907 starta han med portrettfotografering ved sida av lærarjobben, og i skuleferiane sykla han rundt med fotoutstyret og tok bilete av landskap og folkeliv. Ein del av desse vart til prospektkort. I ''Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge'' er han omtalt som ein "halvprofesjonell og nokså lokal fotograf", men det står også at "han fikk laget mellom 800 og 1000 gode kort i tiden fra 1909 ril 1932".<ref>Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge, s. 40</ref> Det er flest bilete frå Hallingdal, men også frå mellom anna Finse, Ulvik, Numedal og Valdres. Nokre av glasplatene etter Lars gjekk tapt i brann på Skåterudmoen, men resten finst i Hol Bygdearkiv. Fotoutstyret er i Hallingdal Folkemuseum sitt eige. | ||
Linje 32: | Linje 32: | ||
[[Kategori:Fødsler i 1877]] | [[Kategori:Fødsler i 1877]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1933]] | [[Kategori:Dødsfall i 1933]] | ||
{{F1}} |
Sideversjonen fra 8. jan. 2014 kl. 11:24
Lars Kristianson Ødegaard (Øygarde) (fødd 17. november 1877, død 5. april 1933) var lærar og fotograf. Han vaks opp på nordre Øygarden i Lien, aust for Geilo, Hol, som femtemann i ein syskjenflokk på åtte. Foreldra, Kristian Tolleivson (1828-1912) frå nordre Sveinhaug og Barbro Eilivsdotter (1843-1919) frå Bryplassen (Dagali), var gardbrukarar.
Lærarutdanninga tok han ved Elverum friseminar, der han er oppført som elev i 1900. Før han var ferdigutdanna, virka Lars som lærar ved Skurdalen skule mellom 1897 og 1899. Etter lærarskulen flytta han i 1902 til Nes, der han fyrst arbeidde ved Dokken skule og seinare ved Skåterudmoen.
Han gjekk i fotolære hjå Theodor Larsen i Tønsberg og arbeidde ei tid hjå fotograf Ludvig Forbech (1865-1942) i Kristiania. I 1907 starta han med portrettfotografering ved sida av lærarjobben, og i skuleferiane sykla han rundt med fotoutstyret og tok bilete av landskap og folkeliv. Ein del av desse vart til prospektkort. I Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge er han omtalt som ein "halvprofesjonell og nokså lokal fotograf", men det står også at "han fikk laget mellom 800 og 1000 gode kort i tiden fra 1909 ril 1932".[1] Det er flest bilete frå Hallingdal, men også frå mellom anna Finse, Ulvik, Numedal og Valdres. Nokre av glasplatene etter Lars gjekk tapt i brann på Skåterudmoen, men resten finst i Hol Bygdearkiv. Fotoutstyret er i Hallingdal Folkemuseum sitt eige.
Lars gifta seg med Kari Dokken frå Nes, og paret fekk fire born, mellom anna Hildur som vart telegrafbestyrar i Nes og som også gjekk i fotolære. Familien budde fyrst på garden Dokken, deretter på Skåterudmoen, før dei i 1926-27 flytta til Bjerringgården i sentrum av Nesbyen. Her fekk Lars innreidd fotoatelier og -forretning.
Ødegaard ga i 1925 ut boka Hallingdal i tekst og billeder på eige forlag. (Mal:Bokhylla).
Fotografi av Lars K. Ødegaard
Referansar
- ↑ Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge, s. 40
Kjelder
- Mal:Folketelling person
- Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind 6 og 2 (Mal:Bokhylla).
- Hol kommunes nettsider. Besøkt 14/3-2013.
- Preus museum: Registrer over norske fotografer og fotografiske samlinger.
- Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge. Aventura, 1988. Mal:Bokhylla.
- Hallingdal folkemuseum 1899-1999. Mal:Bokhylla.