Lars Larsson Honnstad: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
({{nn}}) |
||
Linje 17: | Linje 17: | ||
[[Kategori: Fødsler i 1758]] | [[Kategori: Fødsler i 1758]] | ||
[[Kategori: Dødsfall i 1838]] | [[Kategori: Dødsfall i 1838]] | ||
{{nn}} |
Sideversjonen fra 27. jan. 2016 kl. 14:17
Lars Larsson Honnstad (1758-1838) vart fødd på Utigard (bnr. 4), Honnstad, i 1758. Han vart i 1782 gift med Dordi Jonsdtr. Gulla (d. 1829), og dei fekk seks born saman.
Faren til Lars Larsson var lensmann i Surnadal tinglag frå 1772, og etter dette kom også tingstaden i bygda til å liggje på Utigard, Honnstad. Her var også skysstasjon og frå 1792 eit gjestgjeveri. Garden vart såleis eit midtpunkt i bygda. Lars Larsson fekk skøyte på garden i 1784, og det var han som fekk innvilga løyve til å drive gjestgjeveri på garden. Han har då også gått over i folkeminnet som "Gammelgjestgivaren" på Honnstad, og han skal i det heile ha vore rekna som ein bygdehøvding. Han fungerte ofte som kurator, verje og formyndar for andre bygdefolk. Også i vegsaker skal han ha engasjert seg.
Våren 1814 var Lars Larsson Honnstad valmann for Surnadal prestegjeld.
Kjelder:
- Hyldbakk, Hans: "Bygdesoge for Surnadal", bd. 1, s. 430-431.
- Hyldbakk, Hans, "Gards- og ættesoge for Surnadal", bd 1, s. 410-414.
- Hyldbakk, Hans: «Honnstadætta», Årsskrift for Nordmøre historielag, 1942, s. 21-28.
- Olafsen, Arnet og Birch-Reichenwald, Kr., "Adresser og Fuldmagter", Riksforsamlingens forhandlinger, bd. 2, s. 328.