Lars Larsson Honnstad
Lars Larsson Honnstad (1758-1838) vart fødd på Utigard (bnr. 4), Honnstad, i 1758. Han vart i 1782 gift med Dordi Jonsdtr. Gulla (d. 1829), og dei fekk seks born saman.
Faren til Lars Larsson var lensmann i Surnadal tinglag frå 1772, og etter dette kom også tingstaden i bygda til å liggje på Utigard, Honnstad. Her var også skysstasjon og frå 1792 eit gjestgjeveri. Garden vart såleis eit midtpunkt i bygda. Lars Larsson fekk skøyte på garden i 1784, og det var han som fekk innvilga løyve til å drive gjestgjeveri på garden. Han har då også gått over i folkeminnet som "Gammelgjestgivaren" på Honnstad, og han skal i det heile ha vore rekna som ein bygdehøvding. Han fungerte ofte som kurator, verje og formyndar for andre bygdefolk. Også i vegsaker skal han ha engasjert seg.
Våren 1814 var Lars Larsson Honnstad valmann for Surnadal prestegjeld.
Kjelder
- Hyldbakk, Hans: Bygdesoge for Surnadal, bd. 1, s. 430-431.
- Hyldbakk, Hans, Gards- og ættesoge for Surnadal, bd 1, s. 410-414.
- Hyldbakk, Hans: «Honnstadætta», Årsskrift for Nordmøre historielag, 1942, s. 21-28.
- Olafsen, Arnet og Birch-Reichenwald, Kr., Adresser og Fuldmagter, Riksforsamlingens forhandlinger, bd. 2, s. 328.
- Lars Larsson Honnstad i Historisk befolkningsregister.