Lars Olson Fåberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. mai 2011 kl. 09:21 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Lars Olson Fåberg''' (døypt 6. august 1780, død 30. september 1866) var gardbrukar på Øvre Fåberg i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han va...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lars Olson Fåberg (døypt 6. august 1780, død 30. september 1866) var gardbrukar på Øvre Fåberg i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var frå Øvre Fåberg og fekk skøyte på heimebruket 14. april 1807.

Lars var av dei fyrste som fekk røysterett i Jostedalen. Han svor eid til grunnlova på tinget 7. juni 1815.[1]

Den 10. august 1817 vart han så vald som valmann frå Jostedalen til distriktsforsamlinga i Vik 23. september der Nordre Bergenhus amt skulle velje stortingsrepresentantar til det andre ordinære Stortinget i Kristiania 1818.[2]

Notar

  1. Jostedøler med røysterett 1814-1823 (Jostedal historielag)
  2. Valmenn frå Jostedalen (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 723. (Digital utgåve, NBdigital)