Lars Rasmusson Faaberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. sep. 2010 kl. 17:31 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Lars R. Faaberg''' (fødd 27. februar 1803, død 26. mai 1883) kom frå garden Nedre Fåberg i Jostedalen. Han tok over garden i 1827 og var gardbrukar her til han overlet g…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lars R. Faaberg (fødd 27. februar 1803, død 26. mai 1883) kom frå garden Nedre Fåberg i Jostedalen. Han tok over garden i 1827 og var gardbrukar her til han overlet garden til sonen Rasmus L. Faaberg i 1866.

Lars R. Faaberg var den fyrste med gardbrukarbakgrunn som vart ordførar i Jostedalen(1840-1841). Han fekk då hovudansvaret for oppføringa av ny hovudbygning i prestegarden. I 1850 vart han lensmann og hadde embetet heilt til 1881.

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1948). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 13), 177-200
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)


Forgjengar:
 Kjeld Andreas Bugge 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Michael Sundt Tuchsen Fasting