Lavik kommunale husmorskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.


Lavik kommunale husmorskule i Sogn og Fjordane var ein husmorskule på den gamle futegarden Alværa utanfor Lavik sentrum. Skulen starta på 1920-talet, var kommunalt driven og utdanna over 600 jenter innan husstell og husmoryrket i dei vel 30 åra den var open.

Historie

I 1911 skipa bonde og agronom Mons A. Ringereide det som vart føreløparen til husmorskulen: Lavik hushaldlag. Føremålet med laget var å gje unge kvinner opplæring i husstell, matstell, sying og veving. Hushaldlaget hadde 327 medlemmer i ein kommune med om lag 1000 innbyggjarar.

Ringereide vart ordførar i kommunen i 1920 og kjempa for at det skulle bli oppretta ein kommunalt driven husmorskule der hushaldlaget heldt til. 3. mars 1922 stemte kommunestyret over saka og med ni mot sju røyster vart det vedteken at kommunen skulle skipa ein husmorskule på garden Alværa.

Det første styret for husmorskulen bestod av Alise Ringereide og Brita Lavik med Maria Hellebø og Gjertru Værholm som vara. Husmorskulane låg i denne tida under Landbruksdepartementet, som oppnemnde ordførar Ringereide som sin representant med lensmann Husabø som vara.

Økonomiske problem

Då kommunen vedtok å skipe skulen, tok dei på seg 1/4 av kostnaden og søkte med hell om statstilskott. Styret hadde i vedtaket sitt gått ut i frå at dei kom til å få dekka halvparten av sine kostnadar av fylkestinget. Men korkje fylkesmannen, husmorskulestyret eller fleirtalet i landbruksnemnda var villige til å ta på seg ei slik utgift.

Etter debattar i kommunestyret om løyving av pengar til skulen valde lensmann Husabø, vara i husmorskulestyret, å donere 100 kroner frå eiga setlebok. Dette gjekk kommunen med på. Fleire tusen vart også skote inn frå kontaktmedelen i kommunekassa og møblar samla inn på dugnad i bygda. Årsleiga av garden skulle også syne seg å verte eit problem. Eigaren ville ha 1000 kroner og ein garanti på denne summen i fem år. Dette førte til nye debattar, men 22.10.1922 vart det fatta eit vedtak i kommunestyret og skulen kunne starte opp.

Tidleg drift

Då skulen vart skipa i 1922, søkte 26 jenter på dei 16 plassane som var lyst ut. Skulestyret heva straks elevtalet til 20 og auka kurstida frå tre til fem månadar. Mange søkjarar forsøkte å få jobb ved skulen, og Gjertrud Bruseth vart styrar med Ragna Nøstdal som handarbeidslærar. Faste fag på skulen var mellom anna hushaldsøkonomi. I Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er det å finne store mengder middagsrekneskap (planlegging av mat og kostnadar per porsjon) og eksamenssvar i husstell, kjemi og helselære.

Strid for fylkeskommunale midlar

Fylkeskommunen avviste fyrste søknaden om stønad til husmorskulen, men Lavik kommune forsøkte igjen. I 1923 kom dei med ein ny søknad der dei primært ynskte at skulen skulle bli fylkeskommunal og bli sidestilt med dei to andre husmorskulane, eller få tilskot på lik linje som desse. Fylkeskommunen gjekk med på å dekke 1/8 av utgiftene dei søkte om støtte til. I åra som følgde heldt debatten fram og Ringereide stod på for å lette byrden til Lavik kommune. Fylkesskulestyret gav husmorskulen gode skussmål, men rådde ikkje til fylkeskommunal stønad, fordi kommunen sjølv hadde starta opp skulen.

I 1927 snudde det. Samrøystes vedtok fylkestinget at staten finansierte 3/4 av utgiftene til skulen og fylket resten. Fylkesmann Christensen, som tidlegare hadde vore skeptisk til skulen, ordna gratis skyss til og frå skulen med Fylkesbaatane.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Risnes, Kjerstin. (2016). Lavik kommunale husmorskule – ein stridens skule. Kjelda, 25 nr 2, 22-26.