Lavik kommunale husmorskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Elevar på husmorskulen i 1936/1937.

Lavik kommunale husmorskule i Sogn og Fjordane var ein husmorskule på den gamle futegarden Alværa utanfor Lavik sentrum. Skulen starta i 1922, var driven av Lavik kommune og utdanna over 600 jenter innan husstell og husmoryrket i dei 34 åra den var open. Det siste kullet gjekk ut frå husmorskulen i 1956.

Historie

I 1911 skipa bonde og agronom Mons A. Ringereide det som vart føreløparen til husmorskulen: Lavik hushaldlag. Føremålet med laget var å gje unge kvinner opplæring i husstell, matstell, sying og veving. Hushaldlaget hadde 327 medlemmer i ein kommune med om lag 1000 innbyggjarar.

Ringereide vart ordførar i Lavik i 1920 og kjempa for at det skulle bli oppretta ein kommunalt driven husmorskule der hushaldlaget heldt til. 3. mars 1922 stemte kommunestyret over saka og med ni mot sju røyster vart det vedteken at kommunen skulle skipa ein husmorskule på garden Alværa.

Det første styret for husmorskulen bestod av Alise Ringereide og Brita Lavik med Maria Hellebø og Gjertru Værholm som vara. Husmorskulane låg i denne tida under Landbruksdepartementet, som oppnemnde ordførar Ringereide som sin representant med lensmann Husabø som vara.

Økonomiske problem

Då kommunen vedtok å skipe skulen, tok dei på seg 1/4 av kostnaden og søkte med hell om statstilskott. Styret hadde i vedtaket sitt gått ut i frå at dei kom til å få dekka halvparten av sine kostnadar av fylkestinget. Men korkje fylkesmannen, husmorskulestyret eller fleirtalet i landbruksnemnda var villige til å ta på seg ei slik utgift.

Etter debattar i kommunestyret om løyving av pengar til skulen valde lensmann Husabø, vara i husmorskulestyret, å donere 100 kroner frå eiga setlebok. Dette gjekk kommunen med på. Fleire tusen vart også skote inn frå kontaktmedelen i kommunekassa og møblar samla inn på dugnad i bygda. Årsleiga av garden skulle også syne seg å verte eit problem. Eigaren ville ha 1000 kroner og ein garanti på denne summen i fem år. Dette førte til nye debattar, men 22.10.1922 vart det fatta eit vedtak i kommunestyret og skulen kunne starte opp.

Tidleg drift

Middagsrekneskapet var viktig på Lavik kommunale husmorskule. Hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane ligg fleire tiår med gjennomgangar av porsjonskostnadar og oppskrifter.

Då skulen vart skipa i 1922, søkte 26 jenter på dei 16 plassane som var lyst ut. Skulestyret heva straks elevtalet til 20 og auka kurstida frå tre til fem månadar. Mange søkjarar forsøkte å få jobb ved skulen, og Gjertrud Bruseth vart styrar med Ragna Nøstdal som handarbeidslærar. Faste fag på skulen var mellom anna hushaldsøkonomi. I Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er det å finne store mengder middagsrekneskap (planlegging av mat og kostnadar per porsjon) og eksamenssvar i husstell, kjemi og helselære.

Strid for fylkeskommunale midlar

Fylkeskommunen avviste fyrste søknaden om stønad til husmorskulen, men Lavik kommune forsøkte igjen. I 1923 kom dei med ein ny søknad der dei primært ynskte at skulen skulle bli fylkeskommunal og bli sidestilt med dei to andre husmorskulane, eller få tilskot på lik linje som desse. Fylkeskommunen gjekk med på å dekke 1/8 av utgiftene dei søkte om støtte til. I åra som følgde heldt debatten fram og Ringereide stod på for å lette byrden til Lavik kommune. Fylkesskulestyret gav husmorskulen gode skussmål, men rådde ikkje til fylkeskommunal stønad, fordi kommunen sjølv hadde starta opp skulen.

I 1927 snudde det. Samrøystes vedtok fylkestinget at staten finansierte 3/4 av utgiftene til skulen og fylket resten. Fylkesmann Christensen, som tidlegare hadde vore skeptisk til skulen, ordna gratis skyss til og frå skulen med Fylkesbaatane. Frå denne tid heitte skulen framleis Lavik kommunale husmorskule, men var ikkje lenger kommunal i noko anna enn namnet.

Nedlegging

Bygningane på Alværa var gamle og lite tenlege allereie då skulen starta opp. Romma var små og husa var freda, so ein kunne ikkje gjere noko med det. Det vart tidleg oppretta ein byggjefond av skulestyret, og midlar og forslag om nybygg vart lagt fram for kommunestyret gjennom storparten av 1930-talet, utan resultat.

Etter krigen vedtok fylkestinget ein grunnplan for husstellopplæringa i Sogn og Fjordane. Den sa at det skulle vere ein skule for Indre Sogn i Kroken, ein for Ytre Sogn og ytre kommunar i Lavik, ein for Sunnfjord i Førde og ein for Nordfjord i Stryn. Fylkestinget sa seg villige til å overta drifta av Lavik kommunale husmorskule den dagen kommunen kunne leggje fram eit skøyte på ei tomt, og lova i tillegg å byggje nytt skulebygg innan seks år. Lavik kommunestyre la aldri fram noko slikt skøyte for tinget.

Mons A. Ringereide sine planteikningar av nye Lavik husmorskule. Skulen vart aldri bygd.

Leitinga etter og debatten om ny tomt for skulen heldt fram i fleire år til. Søkjartala var gode og skussmåla likeins, men plassproblema på Alværa vart ikkje betre med åra. Våren 1956 gjekk det siste kullet ut av Lavik kommunale husmorskule, og 18.08.1958 kunne Firda Folkeblad melde at det vart halde auksjon over utstyret til skulen. 34 års skuledrift var over.

Kjelder og litteratur

  • Risnes, Kjerstin. (2016). Lavik kommunale husmorskule – ein stridens skule. Kjelda, 25 nr 2, 22-26.