Leite notlag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: Leite notlag var/er eit notlag i Austefjorden i Volda kommune. Leite notlag held til i Pøyten i utløpet av «Mørevassdraget»/Fyrdselva. Folk har brukt namnet som eit samlebegrep for n…)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 40: Linje 40:


Områdeinformasjon:
Områdeinformasjon:
Busetnadssoga for Volda band 3 (Austefjordområdet)
Busetnadssoga for Volda band 3 (Austefjordområdet)
Voldasoga band 2 og 3, Per Årviknes
Voldasoga band 2 og 3, Per Årviknes
[[Kategori: Volda kommune]]
[[Kategori: Fiske]]
[[Kategori: Notlag]]

Sideversjonen fra 6. feb. 2010 kl. 13:22

Leite notlag var/er eit notlag i Austefjorden i Volda kommune.

Leite notlag held til i Pøyten i utløpet av «Mørevassdraget»/Fyrdselva. Folk har brukt namnet som eit samlebegrep for nøter og båtar med tilhald i det store notanaustet i Pøyten, grunneigar Leite 46/1. Her har truleg vore eldre nøter enn oppgitt her, dette er uklart enno. Laget er vel idag det einaste gjenverande med samanhengande drift frå storheitstida på 1950-talet til i dag.

Ordforklaringar:

«Omfar» blir talt på den måten at du tek i not eller garn med hendene vel ein halv meter frå kvarander. Så strekker du mauskane/maskane, som er ein firkant, diagonalt så tråden ligg paralellt. No tel du kor mange mauskar der er på ei gamal norsk aln/alen. Ei aln = 2 norske fot = 24 norske tommar = 0, 6275 m.

«Bussen» er småbutten og sterkare not, her truleg 64-omfar, ein passar på at ein tek fisken fram siste delen med denne sterkaste og mest småbuttne delen av nota for å unngå skade og at fisken «netjar seg» (går seg fast i mauskane).

Nøter ein veit om

Lissjenota: Eigarar: Jakob Leite og Helge Fossheim. Nota var ei bomullsnot, lengde ca. 70 famner. Den hadde 36-omfar not i begge endar og «bussen» midt på. Nota var lite brukt, var meir som ei reservenot å rekne. Dei tok denne inn på båt når Storenota hang til tørk slik at dei hadde noko å hjelpe seg med om det hasta å kaste. Brukt på fyrste «Fisk» eller «Lissjepurka» M 116 VA.

Storenota: Eigarar: Jakob Leite og Helge Fossheim. Nota var ei bomullsnot, vart etterkvart ca. 120 famner lang og 10 famner djup. Start ca. 1955. Brukt på fyrste «Fisk» eller «Lissjepurka» M 116 VA.

Sildenota: Eigarar: Jakob Leite og Elias Førde. Nota vart kjøpt frå Løfoll notlag då det vart nedlagt ca. 1955, den var då 90 famner lang og 12 famner djup. Den vart brukt på «Vak» eller i daglegtale «Pøytapurka» M 3 VA.

Laksenota: Dette var ei storbutten not berekna på laksefiske. Den vart laga då laget fekk lakseløyve i 1943. Brukt til ein gong utpå 1970-talet. Brukt frå robåt. Kor eigarskapen var her kjem etter kvart.

Stengjenøter: Omlag som for Holsvik notlag.

Frå omlag 1975 har her vore nylonnot med Leite som eigar frå 1984. Dagens not er 180 famner lang og dekker Follabugen frå Kuen og inn i Skinvikreina i ein fin boge, dette gjer nota lett og fin å slepe langs land til lageleg landingsplass. Denne nota har vore brukt på siste «Fisk» M 116 VA med 10 HK Sabb.

Båtar i notlaga

«Fisk» eller «Lissjepurka» M 116 VA, bygd 1959, størrelse 5,9/1,8/1,3 m. Var fyrst robåt med eitt årepar (hadde den spel ?). I 1962 fekk den innsett ein 9 HK luftkjølt Briggs & Stratton bensinmotor. 1966 er båten i Statens fiskeriregister. For å få bruke mest mogeleg plass til not var motoren plassert så langt fram i «forstova» (mot stamnen) som mogeleg, Der var så vidt plass til å legge snora på starthjulet. Der var flatreimsdrift med reimkobling frå motor til reimhjulet på den flattliggande propellakslingen. Ein spesiell konstruksjon, men kva gjer ein ikkje når ein treng plassen. Båten enda sine dagar under ei gran som leikeplass for ungane i Sundalen i 1972.

«Fisk» eller «Lissjepurka» M 116 VA: 1971 - 72 då den gamle «Lissjepurka» var roten og godt oppbrukt gjekk han Leite-Jakob til sin gode ven og argaste konkurent på sjøen, han Djuvik-Einar (Einar Høydalsvik f. 1920) og lurte på om han ikkje kunne bygge ny notbåt. Jau, då. Det fyrste dei tok mål av var båtbyggeriet (som eigentleg var tenkt til å bygge færing i), dette romet fråtrekt 20-30 cm vart lengste lengde på den nye «Pøytapurka». Denne båten vart eit produkt, lokalt laga og lokalt brukt, unntaket var båtsaum, kjølspikar og ein ny 10 HK Sabb-motor med propellutstyr. Båten var vel knapt utom Furneset før den vart gitt vekk til Ørsta i 2009. Måla stod vidare i fiskeriregisteret som den forrige «Lissjepurka», kor nær desse er dei faktiske måla er det sikkert råd å finne ut. Fiskerinummeret frå den forrige båten vart sett på den nye, heile prosessen vart vel nærast sett på som ein reparasjon utan at ei flis fylgde frå den gamle til den nye båten. Omlag ti år seinare hadde nota vorte så stor at det var ikkje fribord att med våt not i båten. No vart den dregen opp i Leitetunet og den no aldrande Djuvik-Einar møtte opp på nytt og fekk med god hjelp ripa opp båten med eitt solid omfar og ny rekke.

«Vak» eller «Pøytapurka», M 3 VA, var bygd 1949 til Jakob Leite og Elias Førde på Vik Båtbyggeri i Høydalen som dekka gavlbåt i tre. Måla: 30,0/9,0/5,0 fot. Ny motor; Volda 1949, 10 HK. Den vart brukt til Sildenota. Då «Brislingen» eller «Storeveren» til Håvik notlag var på Vik båtbyggeri til ombygging ca. 1954 var «Vak» utleigd til slepebåt med Jakob Leite som skipper. Båten vart mykje nytta som fraktebåt med varer og som turbåt. «Vak» vart seld midt på 1960-talet.

                                                                                                                                                                                                                                Kilder:

AMU-Fiskebåtar i Volda Kommune xls, Magnar Høydal Leite, Kjell f. 1946

Områdeinformasjon:

Busetnadssoga for Volda band 3 (Austefjordområdet)

Voldasoga band 2 og 3, Per Årviknes