Lensadel: Forskjell mellom sideversjoner

3 401 byte lagt til ,  20. jan. 2012
Mellomlagring
(Mellomlagring)
(Mellomlagring)
Linje 32: Linje 32:


=== Privilega ===
=== Privilega ===
Blant særrettane som vart tillagde grevane og baronen, kan nemnast desse:
Dei viktigaste særrettane grevane og baronen oppnådde i kraft av sin lensadelege  status var desse:<ref>Basert på greve- og friherreprivilega 25. mai 1671 og på oppsummeringar hjå Rian, Ø. 1980:10-19 og Tennfjord, F. 1944:48-53.)</ref>
 
'''Rettslege, administrative  og politiske'''
*[[Leksikon:Hals- og håndsrett|Hals og hånd]] (politi-, påtale- og straffefullbyrdingsmakt) med [[Leksikon:Hals- og håndsrett|sikt og sakefall]] (rett til bøteinntekter).  Denne retten hadde også andre adelege eigarar av rette adelege [[Leksikon:Setegård|setegardar]] over sine [[Leksikon:Ukedagsbønder|vekedagstenarar]].
*[[Leksikon:Birk|Birkerett]], som i tillegg til hals og hånd og sikt og sakefall innebar rett og plikt til å halde dommarar i fyrste og andre instans (altså tilsvarande [[Leksikon:Sorenskriver|sorenskrivar]]/[[Leksikon:Byfogder|byfut]] og [[Leksikon:Lagmannen|lagmann]]).
 
Jurisdiksjonsrettane omfatta alle innbuarane innan dei nærare geografisk definerte grevskapa. Dette skilde dei norske lensgrevane ut frå dei danske, som hadde slike rettar berre over bøndene på grevskapsgodset. Baronen på Rosendal hadde også jurisdiksjon berre over sine ”eigne” bønder.
 
*Patronatsrett, dvs. kallsrett (rett til å utnemne prestar) og dessutan eigedomsrett til alle kyrkjene i grevskapa med dei inntekter og utgifter som følgde med.
 
*Jurisdiksjon og administrativt mynde over byane. Larvik vart i lensbrevet skilt frå Tønsberg og overlatt til grevskapet, dvs,. at byen ikkje fekk eigne kjøpstadsprivileg, og greven skulle utnemne byadministrasjonen. Tønsberg med ladestadene Strømsø og Holmestrand vart lagt til grevskapet, men Tønsberg og Holmestrand vart utskilde att allereie i 1684. Strømsø vart derimot hengande ved grevskapet med omsyn til å utnemne byfut der.
 
*Oppebørsel av offentlege skattar. Grevane vart overlatne den kongelege oppebørselen av skattar og avgifter bortsett frå tollen. Grevens godsforvaltar vart kalla ”amtsforvaltar” overtok i praksis derfor alle funksjonar som dei kongelege futane hadde elles (oppebørsels- og politimakt). Som innan rettsvesenet, skilde baroniet seg frå dei to grevskapa at den ”offentlege” oppebørselsmakta galdt berre på baroniets eigne leiglendingsgardar.
 
Skatteprivileg og tillagde offentlege inntekter
 
*Skattefrie setegardar, i likskap med andre eigarar av adelege setegardar.
*Fritak for offentlege skattar på leiglendingsgardane tilsvarande ei landskyld på til saman 100 tønner hartkorn for friherrar, 300 tønner for grevane. Rosendal nådde rett nok ikkje opp til minstestorleiken, og fekk slik fritak for vel 78 tønner hartkorn.
 
Fritaket er slik formulert i friherreprivilega 1671 (tilsvarande for grevane): ”100 Tønder hart Korn udi tilliggende Bønder-Gods/ være for ald contribution og paaleg hvad Nafn det oc have kand/  Princessin undtagen/ aldeelis fri oc forskaanet.”
 
I følgje Øystein Rian innebar fritaket i grevaskapa i Vestfold at lensadelen oppebar dei vanlege gardskattane, og ein del av desse måtte vidaresendast til dei kongelege kassene.
*Arbeidspengane til kongsgardane.
*Halve aksisen av byane (forbruksavgift på øl og vin).
*Kongens del av tienda, og den tredelen som følgde soknekyrkjene hadde dei i kraft av å vere kyrkjeeigarar.
 
Næringsprivileg
*Lensprivilga av 1671 heimla einerett til bergverksdrift og jakt i grevskapa/baronia.
*Larvik-greven fekk betydelege privileg for sine verksemder, Fritsø jernverk og sagbruk
 




Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer