Lesjavatnet: Forskjell mellom sideversjoner

Ingen redigeringsforklaring
Linje 10: Linje 10:
Kven som initierte prosjektet er ikkje kjent, men nokre grunneigarar hadde før 1855 kontakta ein agronom Åhlstrøm som må ha vore på synfaring og som skreiv eit forslag til «Sænkning af Søernes Vandstand», trykt i [[Kristianiaposten]] 12. september 1855.<ref>Kanalvæsenets historie: 274</ref>

Forslaget vart etterfølgt av eit møte i kommunehuset ved [[Lesja kyrkje]] 28. august 1855, der 59 grunneigarar møtte fram. Av desse røysta 48 for og 11 mot uttappinga, ein nemnd vart nedsett, søknad sendt og allereie 6. september same året påla depatrementet Kanaldirektøren å lage plan med kostnadsoverslag for prosjektet. Sommaren etter vart det teke opp detaljkart, og utgreiinga synte at det kunne vinnast inn 11.500 dekar jord frå høgste flaummål.<ref>Kanalvæsenets historie: 275.</ref> Kostnadene var setttil kr 32.000<ref>Kanalvæsenets historie: 276. Truleg var summen 8000, men sett i kroner etter overgangen i 1875 (1 spd. = 4 kr).</ref> Kanaldirektøren tok rett nok atterhald om kostnadene, for det var føresett at vatnet sjølv skulle stå for mykje av utgravinga.
Forslaget vart etterfølgt av eit møte i kommunehuset ved [[Lesja kyrkje]] 28. august 1855, der 59 grunneigarar møtte fram. Av desse røysta 48 for og 11 mot uttappinga, ein nemnd vart nedsett, søknad sendt og allereie 6. september same året påla depatrementet Kanaldirektøren å lage plan med kostnadsoverslag for prosjektet. Sommaren etter vart det teke opp detaljkart, og utgreiinga synte at det kunne vinnast inn 11.500 dekar jord frå høgste flaummål.<ref>Kanalvæsenets historie: 275.</ref> Kostnadene var sett til kr 32.000.<ref>Kanalvæsenets historie: 276. Truleg var summen [[8000 daler|spesiedaler]], men sett i kroner etter overgangen i 1875 (1 spd. = 4 kr).</ref> Kanaldirektøren tok rett nok atterhald om kostnadene, for det var føresett at vatnet sjølv skulle stå for mykje av utgravinga.

Etter dette sendte nemnda søknad gjennom amtet til departementet om å få sett i gang prosjektet, med eit tilskot på kr 10.000 og eit lån på kr 22.000 med garanti frå soknekommunen i hovudsoknet. Også eit muleg betre klima ved at uttappinga kunne redusere frostfaren vart brukt som argument. Amtet gav tilråding og løyve vart gjeve ved Kgl. resolusjon 13. oktober 1857.

Veiledere, Administratorer, Skribenter
7 190

redigeringer