Lesund skulekrins: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''Lesund skulekrins''' var ein tidlegare skulekrins i [[Aure kommune]]. Krinsen vart oppretta på 1700-talet. Til å byrja med vart det dreve omgangsskule. I 1896 vart det bygd eiga skulebygning på nordsida av Lesund.
'''Lesund skulekrins''' var ein tidlegare grunnskulekrins i [[Aure kommune]]. Krinsen vart oppretta på 1700-talet. Til å byrja med vart det dreve omgangsskule. I 1896 vart det bygd eiga skulebygning på nordsida av Lesund.


[[Bilde:Skolebygningen_Lesund_001.jpg|thumb|Skulehuset som var i bruk frå 1951 til 2009 (Foto: R. Lie)]]
[[Bilde:Skolebygningen_Lesund_001.jpg|thumb|Skulehuset som var i bruk frå 1951 til 2009 (Foto: R. Lie)]]

Sideversjonen fra 24. apr. 2012 kl. 17:46

Lesund skulekrins var ein tidlegare grunnskulekrins i Aure kommune. Krinsen vart oppretta på 1700-talet. Til å byrja med vart det dreve omgangsskule. I 1896 vart det bygd eiga skulebygning på nordsida av Lesund.

Skulehuset som var i bruk frå 1951 til 2009 (Foto: R. Lie)

Nytt skulehus

Skulen frå 1896 vart reve i 1949, då det vart starta byggjing av nytt skulehus. Nyskulen vart teke i bruk i 1951. Den var bygd i to høgder, med loft. Dette bygget var i si tid omtala som ein mønsterskule i eit leksikon. Eit særpreg ved skulen er utsmykningane i tak og på dører. Dette var det kyrkjedekoratøren og malaren Daniel Skipnes (1882-1972) som stod for.

Nedleggjing

I 2009 vart Lesund skulekrins nedlagt, og elevane vart flytta til Aure barneskule.

Linkar

Sjå også