Li Simon (1927–2017)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. feb. 2022 kl. 09:04 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (utviding)
Hopp til navigering Hopp til søk

Li Simon (fødd 21. juli 1927 i København, død 8. september 2017 på Ål) var skinnfellmakar og designar. Ho hadde i ulike periodar verkstad i Hemsedal, Ulefoss, Sømna og på Gol. I tillegg restaurerte ho 17 gamle hus, dei fleste av dei på Skinnfellgarden i Hemsedal.

Oppvekst i Danmark

Li, som er ei forkorting for Annelise, vaks opp med det ho kalla “en genial alene-far”.[1] Han døydde då ho var berre ti år gamal, men på dei åra ga han henne ein styrke som ho bar med seg “både da og senere gjennom hele livet”.[1] Ho hugsa han som ein klok mann, som mellom anna lærte henne at: “Vil du fly, så må du først gro vinger.”[2] Som tiåring kom Li på barneheim.

Virke som skinnfellmakar og designar

I 1952 braut Li av historiestudia ved Københavns Universitet og flytta til Hemsedal med den tyske musikaren og pedagogen Vult Simon, som hadde kome til Noreg på 1920-talet. Paret busette seg på Veneli (90/34) og fekk borna Martin (f. 1954) og Vita (f. 1958). I tillegg var Li i 15 år pleiemor for ein utviklingshemma gut. Garden tok også i periodar imot innsatte som var ute på prøve frå kvinnefengslet i Oslo.

På Veneli og Veneholtet (90/60), som dei seinare kjøpte attåt, bygde Li og Vult opp eit tun med gamle hus frå ulike delar av Hallingdal, som dei restaurerte. Her starta dei i 1961 verksemda Skinntrykk, og garden kalla dei etter kvart Skinnfellgarden. Garden vart med åra ein attraksjon, dit det kom busslastar med turistar frå inn- og utland.

For Li vart bevaringa av gamle tømmerhus og av tradisjonen med å laga skinnfellar ei livsoppgåve. Skinnfellane var framleis i bruk då ho kom til Hemsedal, men handverkstradisjonen var i ferd med å verta gløymd. Saman med mannen, byrja ho å samle kunnskap om skinnfellmaking og leite fram gamle skinn og trykkstokkar på gardar og i museum. Dei eldste stokkane dei fann hadde teikningar med typiske helleristingsmotiv, og det eldste skinnet dei fekk til samlinga si var meir enn 200 år gamalt.

Utgjevingar

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Simon 2011: 154
  2. Simon 2011: [8]

Kjelder og litteratur