Lina Breck: Forskjell mellom sideversjoner

m
(Påbegynt artikkel)
 
 
(28 mellomliggende versjoner av 4 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Lina Breck]]''' (fødd i [[Skjåk]] 5. april 1858, død i Oslo 14. desember 1948) var tannlege. Lengste praksisen sin hadde ho i [[Drammen]]. Ho var ein pioner som kvinneleg utøvar av dette yrket, som framleis var nokså nytt i landet som faglært og offentleg autorisert profesjon. Da ho tok tannlegeeksamen i 1883, var ho den fjerde kvinna i landet som hadde gjort det. Lina Breck sitt val av yrke er ikkje minst slåande med tanke på hennar bakgrunn som bondejente frå ei noko avsides fjellbygd på den tida. Og ho var ikkje den einaste i syskenflokken som etter tid og omstende gjorde utradisjonelle livsval.
<onlyinclude>{{thumb|Tannlegeforening 1886.PNG|Frå møte i Den skandinaviske tannlegeforening 1886. Alle dei fire tannlegesyskena Bræck og Bræck Aurlie er med her. Lina sitjande som nr. 3 frå venstre. Ståande: Syver nr. 3 frå venstre, Gudbrand Julius nr. 6, Hans nr. 9. For komplett namneliste: Klikk på biletet og vidare til kjelda.|Ukjent.}}
'''[[Lina Breck]]''' (fødd i [[Skjåk]] 5. april 1858, død i [[Oslo]] 14. desember 1948) var tannlege. Lengste praksisen sin hadde ho i [[Drammen]]. Ho var ein pioner som kvinneleg utøvar av dette yrket, som framleis var nokså nytt i landet som offentleg autorisert profesjon. Da Breck tok tannlegeeksamen i 1883, var ho den fjerde kvinna i Noreg som hadde gjort det. Hennar val av yrke er ikkje minst slåande med tanke på at ho var ei jente frå ein vanleg bondefamilie i ei noko avsidesliggjande fjellbygd. Lina var forresten ikkje den einaste i syskenflokken som etter tid og omstende gjorde utradisjonelle livsval. Ikkje mindre enn tre av brørne var som henne tannlegar.</onlyinclude>


== Bakgrunn og familie ==
==Bakgrunn og familie ==
Lina Breck var fødd og oppvaksen på [[Nedre Brekk]], ein mellomstor gard på [[Bersustrond]] i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet [[Rasmus Rasmusson Bræk]] (29.08.1810–21.10.1871) og [[Lene Sylfestsdotter Bræk]] (fødd 1815). Ved sida av å vere gardbrukar var faren lærar og kyrkjesongar. Morsslekta skal i følgje ein nevø av Lina ha vore «gamle gode haugianere» med vestlandsbakgrunn.<ref>Studenterne fra 1889 (1914) Ragnvald Lexow-Breck</ref>
Lina Breck var fødd og oppvaksen på [[Nedre Brekk]], ein mellomstor gard på [[Bersustrond]] i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet [[Rasmus Rasmusson Bræk]] (1810–1871) og [[Lene Sylfestsdotter Bræk]] (fødd 1815). Ved sida av å vere gardbrukar var faren lærar og kyrkjesongar. Morsslekta skal i følgje ein nevø av Lina ha vore «gamle gode haugianere» med vestlandsbakgrunn.<ref>''Studenterne fra 1889'' (1914) Ragnvald Lexow-Breck</ref> Folketeljingane 1865 og 1875 fortel at Lene Sylfestsdotter var fødd i [[Luster]] i Sogn, og det er konstatert at sambandet mellom dei vakte i Luster og Skjåk var etablert frå haugianismens fyrste tid i regionen.<ref>Hosar, H.P. 1998, s 48–50, 54, 69.</ref>


Lina var den yngste av ni sysken, fødde i tidsrommet 1837–1858. Lista nedanfor viser eit oppsiktsvekkjande spenn i yrkesval og livsbane i syskenflokken.  
Lina var den yngste av ni sysken, fødde i tidsrommet 1837–1858. Lista nedanfor viser eit oppsiktsvekkjande spenn i yrkesval og livsbane i syskenflokken.<ref>Utgangspunktet er ''Ættebok for Skjåk'' bd. 1 s. 27, jf. Hosar, H.P. 1998 s. 378, med tilføyingar og korrigeringar ut frå ei rekkje andre kjelder.</ref>


#[[Torgeir Rasmussen Bræck|Torgeir]] (1837–1915). Lærar og prest. Cand. theol. 1867.
#[[Rasmus Bræck|Rasmus]] (1840–). Målar (handverkar) i København.
#[[Sylfest Bræck|Sylfest]] (Sylvester) (1842–1931). Lærar i Karlsøy, Tromsø, Oslo. Pianostemmar, instrumentmakar og pianoforhandlar i Oslo.
#[[Rolv Bræk|Rolv]] (1844–1920). Overtok foreldregarden.
# [[Hans Bræck Aurlie|Hans]] (1847–1903). Tannlege. Fagopplæring i Berlin og København. Norsk tannlegeksamen 1882. Endra etternamn til Aurlie 1882. Praksis m.a. i København og Oslo.
#[[Syver Bræck|Syver]] (1850–). Tannlege. Eksamen 1882. Utvandra til Russland og/eller Finland.
#[[Kristoffer Bræck|Kristoffer]] (1853–1919). [[Kopist]] i Kyrkjedepartementet, lærar i Kragerø, Halden og Oslo.
#[[Gudbrand Julius Breck|Gudbrand Julius]] (1855–1938) Tannlege. Eksamen 1878. Praksis i Drammen og Oslo.
#Lina (1858–1948) Tannlege. Eksamen 1883. Praksis i Moss, Oslo og Drammen.


== Referansar ==
Særleg legg ein kanskje merke til at ikkje mindre enn tre av brørne i likskap med Lina vart faglærde tannlegar. Dei fire syskena slutta seg såleis til ei yrkesgruppe som alt i alt var ganske fåtalig på den tida. I tidsrommet 1872–1899 var det i alt 202 personar som tok tannlegeeksamen, av desse 24 kvinner. Berre fire av dei kvinnelege tannlegane hadde fedrar som var bønder og/eller folkeskulelærarar.<ref>Johansen, I.M. 2021 s 35 og 40</ref>
<references/>


== Kjelder og litteratur ==
Lina Breck levde ugift.
 
== Skulegang og fagopplæring ==
Ut over folkeskulen har vi ikkje oversyn over kva utdanning Lina Breck fekk, korkje allmennfagleg eller kva gjeld yrkesopplæringa. Eit stykke på veg kjem ein ved å skissere kva utvegar som kan ha bode seg fram.
Det vart fastskuleordning for alle krinsane i Skjåk i løpet av året for lova som påbaud dette i 1860. Det inneber at dei to-tre yngste i familien, dermed altså inklusive Lina, fekk nyte godt av dette. Frå 1868/69 var det tilbod om kveldsskule (tilsvarande den seinare [[Framhaldsskole|framhaldsskulen]]) for konfirmert ungdom i bygda, der jenter frå fyrst av kunne sleppe inn dersom ikkje plassane vart oppfylte av mannlege søkjarar. I tillegg kom det i stand ein ambulerande [[amtsskule]] med fyrste stoppestad i Skjåk 1875–76. Dei fyrste åra var visstnok denne reservert for gutar, og det er mindre sannsynleg at Lina kunne gjere seg nytte av dette.
 
Kva så med den tannlegefaglege opplæringa? Da Lina avla tannlegeeksamen i 1883, var ho altså den fjerde kvinna i landet som gjorde det. (Den fyrste var [[Petra Lie]] (1872), den andre [[Sara Selvig]] (1881) og den tredje [[Richarda Landmark]] (1882).)<ref>Johansen, I.M. 2021 s. 35–36.</ref> Reglementet for den offentlege tannlegeeksamenen, fastsett ved kgl. res. 9. september 1857, føreskreiv ikkje nokon formell og obligatorisk utdanningsveg dit, men kravde realkompetanse av høg standard, teknisk og medisinsk. Mellom anna skulle eksaminanden konstruere eit fullgodt gebiss for ein klient i løpet av fire veker. Ein måtte også ha innsikt i tannsjukdomar og mogleg behandling av desse. Korleis tileigna så Breck seg desse nødvendige kunnskapane på det som like mykje var eit handverk som ein akademisk disiplin? Det fanst ikkje noko tannlegeskule før [[Statens Poliklinikk for Tandsykdomme]], forløparen for tannlegehøgskulen, vart etablert same året som Lina Breck tok sin eksamen. Utan tvil må ho ha fått opplæring i ei privat lærlingordning hjå ein eller fleire kvalifiserte tannlegar. Slik opplæring skal Lina ha fått hjå broren Gulbrand Julius, den fyrste av syskena som hadde teke norsk tannlegeeksamen.<ref>Sørbye, O. 2000 s. 50. Det blir ikkje gjeve nærare kjeldeopplysningar der.</ref> Rimelegvis må Lina også ha fått ei viss vidaregåande allmennutdanning. I medhald av eit revidert reglement for tannlegeeksamen i 1881 skulle det f.o.m. 1884 innførast [[Middelskole|middelskuleeksamen]] som opptaksvilkår.<ref>S 40: Sørbye, O. 2000 s. 40. Jf. ''Norske kvinder 1914'' s. 157.</ref> I den knappe biografien i ''Norges tannlæger'' (1929) er det berre opplyst at Lina Breck før tannlegeeksamen hadde tre år som guvernante, altså privatlærar i ein familie. Kanskje hadde ho gått [[Guvernanteeksamen|guvernanteskulen]] ved [[Hartvig Nissens skole|Hartvig Nissens Pigeskole]]?
 
==Praktiserande tannlege==
Hyppig annonsering i avisene (der forresten skrivemåten av namnet vekslar mellom Breck, Bræck og Bræk) gjer at vi kan følgje yrkesverksemda hennar ganske detaljert. Det fyrste året er det tydeleg at ho ambulerer, med kortare opphald m.a. i [[Sarpsborg]] og [[Halden]] og i eit vikariat for bror sin i Drammen. I august 1885 opnar ho så sin fyrste (?) faste praksis i Kongensgt. 58 i [[Trondheim]]. I annonsen om dette presiserer ho at «kun damer og Børn modtages», utan at vi veit kor lenge ho heldt fast ved denne kundeavgrensinga.<ref>Dagsposten (Trondheim) 4.8.1885, jf. folketeljinga 1885.</ref> Ho skal ha verka i [[Moss]] 1887–1891.<ref>Moss Avis 22.8.1999</ref> Det høver bra med at ho i folketeljinga 1. januar 1891 er busett nettopp der. I eit avertissement i [[Morgenbladet]] 1. april 1892 har ho kontor i Grubbegt. 1 «ved Stortorvet», dvs. i Kristiania. Så overtok ho visstnok praksisen i Drammen etter bror sin, Gudbrand Julius Breck, i 1900, da han flytta til Kristiania. Lina Breck bur i Drammen i folketellinga 1900. Ho var medlem i [[Drammens og Oplands tannlegeforening]] og var sekretær for denne 1906–1907. Ho flytta til Oslo ca. 1930,<ref>Moss Avis 5.4.1933</ref> og budde venteleg der til ho døydde 90 år gammal i 1948.
 
==Referansar==
<references />
 
==Kjelder og litteratur ==
*Bjerke, Nils: ''Norges tannlæger''. Utg. Hanche. 1929. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2011021506050}}. S. 47 (navnet her skrevet Bræck).
*''Folketeljingar'': [https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038057000176 1865], [https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052087000176 1875], [https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053300002689 1885], [https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052672002129 1891], [https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037106005417 1900], [https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036458009386 1910], [https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01073771023368 1920]
*Hosar, Hans P.: ''Skjåk bygdebok, band 3. Historia 1798-1914''. 1998. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2011091408122}}.
*Johansen, Ingvill Marie: ''De første kvinnelige tannlegene i Norge 1872-1920.'' Mastergradsoppgåve, Universitetet i Agder 2021. [https://uia.brage.unit.no/uia-xmlui/bitstream/handle/11250/2789323/Ingvill%20Marie%20Johansen.pdf?sequence=1 Digital utgåve:]
*''Norske kvinder''. Utg. Berg & Høgh. 1914. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2015072308179}}.
*Sollund, Arne: ''Norske tannlegeforening gjennom 100 år''. Utg. Tannlegeforeningen. 1984. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2016071848045}}.
*Sørbye, Oddvar: ''Tannleger i Østfold''. Utg. O. Sørbye. 2000. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2008102800096}}.
*''Ættebok for Skjåk'' Band 1. H. H. Neumann og Erling Bruheim: ''Skjaaks slægter. Alfabetisk ordnet efter gaardsnavnene''. 1946.  {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2010062906008}}. (Side 27)
*{{Hbr1-1|pf01073771023368|Lina Breck}}.
{{Nn}}{{Kvinner i lokalhistoria}}
 
{{DEFAULTSORT:Breck, Lina}}
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Tannleger]]
[[Kategori:Fødsler i 1858]]
[[Kategori:Dødsfall i 1948]]
[[Kategori:Skjåk kommune]]
[[Kategori:Moss kommune]]
[[Kategori:Drammen kommune]]
[[Kategori:Trondheim kommune]]
{{F1}}
Administratorer, Skribenter
12 310

redigeringer