Lokal språkstrid: Forskjell mellom sideversjoner

→‎Lokalstyring: sette inn kart
(→‎Store geografiske variasjonar: fjerna kart att - flytter det lenger ned)
(→‎Lokalstyring: sette inn kart)
Linje 70: Linje 70:

===Lokalstyring===
===Lokalstyring===
Dei lokale styringsorgana stod i prinsippet fritt til å ta i bruk nynorsk etter det språklege jamstellingsvedtaket i 1885, men gjorde det i liten grad dei fyrste åra. Kompetansen i nynorsk var gjerne dårleg, også mellom dei som ideologisk rekna seg som målfolk, og hovudtendensen er at nynorsk vart teke i bruk i folkeskulen og i kyrkja (Blix-salmane) før språket vart teke i bruk i kommunale organ.
{{thumb høyre|Målformer i Norge.png|Kommunale vedtak om tenestemål (2007)}} Dei lokale styringsorgana stod i prinsippet fritt til å ta i bruk nynorsk etter det språklege jamstellingsvedtaket i 1885, men gjorde det i liten grad dei fyrste åra. Kompetansen i nynorsk var gjerne dårleg, også mellom dei som ideologisk rekna seg som målfolk, og hovudtendensen er at nynorsk vart teke i bruk i folkeskulen og i kyrkja (Blix-salmane) før språket vart teke i bruk i kommunale organ.

Det finst døme frå andre halvdel av 1870-åra på lokale målfolk som nytta nynorsk i kommunale dokument og møtebøker (Gausdal, Hylestad i Setesdalen). I dei tilfella reagerte amtmenn og departement med å nekta å svara på brev på nynorsk, og å godkjenna offentlege protokollar skrivne på nynorsk. Med jamstellingsvedtaket måtte staten tola kommunal nynorskbruk, men det hende framleis at embetsmenn reagerte, og bruken var marginal før hundreårsskiftet.<ref>Lilleholt 1981, s. 383ff</ref>

Veiledere, Administratorer, Skribenter
4 496

redigeringer