Lokal språkstrid: Forskjell mellom sideversjoner

flytting av 'litteratur' og 'kjelder' til sist i artikkelen
mIngen redigeringsforklaring
(flytting av 'litteratur' og 'kjelder' til sist i artikkelen)
Linje 12: Linje 12:
*Frå 1940-åra til ca 1970: Reaksjon – bokmål blir ført inn att i ein god del av skulekrinsar som før hadde nynorsk (nynorskprosenten i folkeskulen går ned til kring 20).

*Ca 1970 til i dag: konsolideringsfase – nynorsk har vore på vikande front i dei områda der han frå før stod svakt, men har styrkt seg i dei områda der han frå før stod sterkt.  

==Målsaka - spreiingsmønster==
Ideane om å erstatte det rådande dansk-norske skriftspråket med eit nytt norsk skriftspråk kan studerast som ein spreiingsprosess frå eit sentrum mot ein periferi. I ein forenkla modell kan dette framstillast som ein firestegsprosess:
* Nye idear om språk og nasjon kom til Noreg frå Europa i overgangen mellom 17- og 1800-talet og utløyste ein debatt om det norske språkspørsmålet, særleg i tida etter 1814.
* Etter at [[Ivar Aasen]] lanserte landsmålet som eit alternativ til dansk-norsk kring 1850, oppstod det i 1850-åra miljø av målfolk i dei største byane (Kristiania, Bergen). Tidleg i 1860-åra vart det organisert formelle organisasjonar i Kristiania, Bergen og Trondheim for å fremja landsmålet. Frå 1868 fekk ein to varige målreisingsorganisasjonar, [[Det Norske Samlaget]] (Kristiania) og [[Vestmannalaget]] (Bergen).
* Ideane spreidde seg frå bymiljøa til distriktssenter for målreisinga, gjerne kring folkehøgskular, lærarskular o.l.  Ein ser tendensar til dette alt i 1860-åra, men det var i 1870- og særleg 80-åra dette tok til å få eit visst omfang.
* Frå dei regionale sentruma spreidde målreisingsideane seg vidare til lokalmiljøa. Gjennombrotet for oppbygginga av målrørsla på lokalplan kom med ungdomslaga frå 1890-åra og dei følgjande tiåra.
I ein lokalhistorisk samanheng er det den fjerde fasen som er studieobjektet. Eit av spørsmåla det då er aktuelt å finna svar på, er korleis målsaka kom inn i lokalmiljøet.
Dette gjeld til ein viss grad òg motkreftene mot målreisinga. Men i utgangspunktet var det målfolka som var utfordrarane og var best organiserte, og målsaka og det nynorske språket som representerte det nye. I den grad motstanden mot målsaka vart organisert (primært i riksmålsforeiningar), er det interessant å studera korleis dette skjedde.

==Store geografiske variasjonar==
==Store geografiske variasjonar==
Linje 22: Linje 32:

Det er vanskeleg å setja opp ein generell modell for studiet av lokal språkstrid. I det følgjande blir vekta lagt på den fyrste kategorien – dei stadene som tidlegast og mest fullstendig gjekk over til nynorsk. (For eit døme, sjå [[Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen]].)

==Litteratur==
===Generell litteratur om norsk språkstrid===
Det finst ein omfattande litteratur om språkstriden på nasjonalt nivå. Alle nyare noregshistorier gjev eit generelt overblikk over språkstriden og ei kontekstualisering som er nyttig også i lokale studiar.
I språkhistoriske oversynsverk, ikkje minst lærebøker for vidaregåande skule og høgskule- og universitetsnivå, får ein ei grundigare generell innføring (t.d. Arne Torp og Lars S. Vikør: ''Hovuddrag i norsk språkhistorie''). Det viktigaste populærvitskaplege oversynsverket er Egil Børre Johnsen (red.): ''Vårt eget språk'' (2002). I slike bøker får ein òg eit oversyn over hovudlinene i den statlege norske språkpolitikken. Eit firebands vitskapleg referanseverk om norsk språkhistorie er under arbeid og vil bli publisert i åra 2013-15.
Den meir spesialiserte litteraturen er meir omfangsrik når det gjeld den nynorske målrørsla enn dei andre språkpolitiske grupperingane og rørslene. Eit godt oversyn over den nynorske målreisinga gjev Ottar Grepstad i ''Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie'' (2006). I 2010-11 kom eit vitskapleg tobandsverk ''Norsk målreising'' av Jens Johan Hyvik: ''Språk og nasjon 1739-1868'' og Oddmund L. Hoel: ''Mål og modernisering 1868-1940''. Her finn ein òg grundigare oversyn over aktuell fag- og forskingslitteratur. Kjell Haugland har skrive ei rekkje arbeid om historia til målrørsla og målreisinga, det viktigaste er ''Striden om skulespråket. Frå 1860-åra til 1902'' (1985). Hovudverket om riksmålsrørsla er Lars Roar Langslet: ''I kamp for norsk kultur. Riksmålsbevegelsens historie gjennom 100 år'' (1999). Elles består det vesentlege av den meir spesialiserte faglitteraturen av biografiar og institusjons- og organisasjonshistorier.
Ein tredje litteraturkategori skal nemnast for den som ynskjer oversyn over språkstriden på nasjonalt nivå, og det er dei partihistoriske verka. Særleg viktige er ''Høyres historie'' (4 band, 1984) og Leif Mjeldheims to bøker om historia til Venstre fram til 1940 – ''Folkerørsla som vart parti'' (1984) og ''Den gylne mellomvegen'' (2006). Men også historieverka om dei andre partia går inn på språkspørsmålet, ikkje minst ''Senterpartiets historie'' (2 band, 2001).
===Litteratur om språkstrid på regionalt nivået===
Forskingsinnsatsen har vore meir sparsam når det gjeld studiar av målstriden på regionalt og lokalt nivå. Dei nyare regionhistoriske verka (som ''Vestlandets historie'' og ''Trøndelags historie'') gjev nyttige, men knappe oversyn over feltet. Verket ''Trøndersk språkhistorie'' (2008) gjev òg eit visst oversyn over språkstriden i regionen. Elles er Anders A. Lothe: ''Målreisingssoga i Sogn og Fjordane'' (1950) det einaste spesialiserte omfattande reginonale verket på feltet, men det er prega av mange unøyaktigheiter.
Ut over dette finst fleire upubliserte hovud- og masteroppgåver som dekkjer delar av landet. Nordfrå gjeld det:
* Magne Heide: ''Nynorsk eller bokmål i folkeskolen i Troms fylke 1938-1945'' (1986)
*Roger Lockertsen: ''Målreising i Nord-Noreg 1898-1940. Organisering av målstriden og striden for skolemålet'' (1984)
* Jon Todal: ''Nynorsk eller bokmål? Striden om opplæringsmålet i folkeskulen i Sør-Trøndelag i 1930-åra'' (1980)
* Oddrun Osnes: ''Nynorsk eller bokmål? Striden om opplæringsmål i folkeskulen i Sør-Trøndelag i 1950- og 60-åra'' (1981)
* Sidsel Merete Skjelten: ''Nynorsk skulemål i Møre og Romsdal. Ein historisk analyse'' (1982)
* Kari Ann Norum: ''Innføring av nynorsk i seks kommunar i Sogn og Sunnfjord'' (2009)
* Johan Myking: ''Språk og stril. Målreising i Nord- og Midthordland 1885-1922'' (1981)
* Steinar Kristensen: ''Innføring av landsmål i skulane i Jondal, Odda og Ullensvang'' (1985).
Det finst elles ei rekkje organisasjons- og institusjonshistorier (særleg jubileumsskrifter) som kan ha interesse. Det gjeld i fyrste rekkjer skrifter om regionale ungdomslag (fylkeslag) og fylkesmållag.
===Litteratur om lokal språkstrid===
Alle dei nemnde oppgåvene på regionnivå har ei rekkje opplysningar også om lokalnivået. På kommunenivå skal ei hovudoppgåve nemnast: Gunn Evensen: ''Skolemålet i Lenvik 1930-1964. Framgang og tilbakegang for nynorsk skolemål'' (1993). Elles kan litteraturen om lokal språkstrid delast i tre hovudkategoriar:
* Kapittel/artiklar i generelle bygdebøker og skulehistorier.
* Artiklar i lokalhistoriske tidsskrift.
* Jubileumsskrifter (særleg om lokale ungdomslag/mållag).
===Statistikk===
Ottar Grepstad har gjort eit stort arbeid både med å samla eksisterande statistikk og å utarbeida ny historisk statistikk om nynorsk. Her finn ein òg ei rekkje opplysningar om lokalnivået. Dette er samla i ''Nynorsk faktebok 2005''<ref>[http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=85 Nynorsk faktabok 2005, nettutgåve] (Nynorsk kultursentrum)</ref>  og ''Språkfakta 2010''<ref>[http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=4395 Språkfakta 2010] (Nynorsk kultursentrum)</ref> Desse verka gjev dessutan ein grei inngang til det som finst av offisiell statistikk på feltet.
==Kjelder til lokal språkstrid==
===Arkiv for norsk målreising===
Læraren [[Peder Hovdan]] la gjennom eit halvt hundreår ned eit stort arbeid i å samla dokumentasjon om norsk målreising. Samlinga han bygde opp, [[Arkiv for norsk målreising]], er i dag den viktigaste samlinga med kjelder til norsk målreising og språkstrid fram til 1950-åra. Hovdan tok til med det systematiske innsamlingsarbeidet sitt kring 1908. Han samla avisklypp (153 kassettar) og bygde opp eit kontaktnett av informantar. Det han fekk inn, er samla i arkivet.
Kjernedokumentet i samlinga er den handskrivne protokollen ''Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865-1940-195...''. Her har kvar kommune si side der Hovdan har ført inn opplysningar om overgangen frå bokmål til nynorsk i skule, kyrkje, lokalstyring, organisasjonar o.l.
Arkivet med protokollen ligg i Ivar Aasen-tunet i Ørsta og er ei gullgruve for alle som vil studera målstrid på lokalplanet. Her kan ein rakst og effektivt finna opplysningar om aktørar, skulestyrevedtak, avisklypp og andre viktige kjelder og opplysningar.
===Offentleg arkivtilfang===
Den viktigaste arenaen for den lokale språkstriden har vore folkeskulen/grunnskulen. Regelverket har kravd skulestyrevedtak og etter kvart kommunestyrevedtak bak overgang til anna opplæringsmål, og i lange periodar har det òg vore krav om krinsvedtak (folkerøystingar). Skulestyreprotokollane er den viktigaste kjeldeserien som dokumenterer denne prosessen, men ein vil òg gjerne finna opplysningar i krinsprotokollar og ikkje minst korrespondansearkivet til skulestyret, i nyare tid skulekontoret og kommunen. Ver merksam på at noko av det eldre arkivtilfanget til skulestyra framleis kan liggja i prestearkiva i statsarkiva, ikkje i kommunearkivet.
I ein del tilfelle har skuledirektørane vore inne med rettleiing eller som klageinstans. Ein kan såleis òg finna kjelder om språkstrid på kommune-/krinsnivå i skuledirektørarkiva.
For primærkjeldene til språkskiftet innanfor kyrkja (samlebok, liturgi) må ein til prestearkivet og til soknerådsarkivet.
Ei rekkje kommunar gjorde frå 1920-åra vedtak om kva språk kommunen skulle administrerast på og kva språk staten skulle bruka i korrespondanse. Her må ein til kommunestyreprotokollane og korrespondansearkivet til kommunen i kjeldejakta.
===Organisasjonsarkiv===
Det har variert mykje i kva grad formelle organisasjonar har spela ei rolle i lokale målstrider. På nynorsksida gjeld det særleg ungdomslag og mållag, og er ein heldig, kan dei ha etterlate seg arkivtilfang som er til hjelp. Om dei lokale arkiva er tapte, kan det liggja arkivtilfang i [[Arkiv for norsk målreising]]. Det kan òg liggja stoff frå dei aktuelle lokallaga i sentralarkiva til Noregs Mållag eller Noregs Ungdomslag (Riksarkivet).
Det er svært sparsamt kva som er bevart av arkivtilfang etter lokale riksmålsforeiningar, men Riksmålsforbundet har eit sentralt arkiv.
===Aviser og blad===
Dei lokale språkstridene nedfelte seg gjerne i redaksjonelle oppslag og debattinnlegg i lokalavisene.
Målrørsla sine regionale og nasjonale organ følgde gjerne med på språkstriden på lokalplan. Nasjonalt var [[Den 17de Mai]] (1894-1935) hovudorganet til målrørsla. Frå 1908 hadde [[Peder Hovdan]] ei fast spalte i bladet der han skreiv om lokale vedtak om overgang til nynorsk. For årgangane 1894-1913 finst det ein database der mykje av innhaldet i stoffet er indeksert. Denne basen finst i [[Ivar Aasen-tunet]]. Avisa vart i 1935 avløyst av [[Norsk Tidend]], som byrja som dagsavis og i dag er medlemsblad for [[Noregs Mållag]].
Regionalt var [[Gula Tidend]] (1904-1996) hovudorganet for målrørsla på Vestlandet, og her finn ein òg mykje stoff om målstriden i bygdene. Også andre delar av landet hadde i kortare periodar sterke nynorske regionaviser som kan ha stoff om lokale språkstrider. Det gjeld aviser som [[Agder Tidend]] (Kristiansand, 1918-1963) og [[Norig]] (1909-1935).
Tilsvarande følgde riksmålsrørsla sitt hovudorgan, ''Rigsmaals-bladet'', med på kva som skjedde på lokalplanet.
==Målsaka - spreiingsmønster==
Ideane om å erstatte det rådande dansk-norske skriftspråket med eit nytt norsk skriftspråk kan studerast som ein spreiingsprosess frå eit sentrum mot ein periferi. I ein forenkla modell kan dette framstillast som ein firestegsprosess:
* Nye idear om språk og nasjon kom til Noreg frå Europa i overgangen mellom 17- og 1800-talet og utløyste ein debatt om det norske språkspørsmålet, særleg i tida etter 1814.
* Etter at [[Ivar Aasen]] lanserte landsmålet som eit alternativ til dansk-norsk kring 1850, oppstod det i 1850-åra miljø av målfolk i dei største byane (Kristiania, Bergen). Tidleg i 1860-åra vart det organisert formelle organisasjonar i Kristiania, Bergen og Trondheim for å fremja landsmålet. Frå 1868 fekk ein to varige målreisingsorganisasjonar, [[Det Norske Samlaget]] (Kristiania) og [[Vestmannalaget]] (Bergen).
* Ideane spreidde seg frå bymiljøa til distriktssenter for målreisinga, gjerne kring folkehøgskular, lærarskular o.l.  Ein ser tendensar til dette alt i 1860-åra, men det var i 1870- og særleg 80-åra dette tok til å få eit visst omfang.
* Frå dei regionale sentruma spreidde målreisingsideane seg vidare til lokalmiljøa. Gjennombrotet for oppbygginga av målrørsla på lokalplan kom med ungdomslaga frå 1890-åra og dei følgjande tiåra.
I ein lokalhistorisk samanheng er det den fjerde fasen som er studieobjektet. Eit av spørsmåla det då er aktuelt å finna svar på, er korleis målsaka kom inn i lokalmiljøet.
Dette gjeld til ein viss grad òg motkreftene mot målreisinga. Men i utgangspunktet var det målfolka som var utfordrarane og var best organiserte, og målsaka og det nynorske språket som representerte det nye. I den grad motstanden mot målsaka vart organisert (primært i riksmålsforeiningar), er det interessant å studera korleis dette skjedde.

==Introduksjonsfasen (før ca 1890)==
==Introduksjonsfasen (før ca 1890)==
Linje 170: Linje 108:
Det vil samstundes vera av stor verdi om tilhøvet til andre konfliktliner og stridsspørsmål i lokalsamfunnet kan klarleggjast. I bygdene der det vart etablert større industriverksemder (Notodden, Rjukan, Odda, Tyssedal, Ålvik, Høyanger) ser ein til dømes at språkstriden fall saman med eller gjekk på tvers av konfliktar mellom industrisamfunn og bondesamfunn, industriborgarskap og arbeidarar og bønder og arbeidarar.<ref>Hoel 2011</ref>  

Eit anna interessant spørsmål er kva rolle språkstriden spela i bygder som var dominert av primærnæringane, men var prega av stor økonomisk ulikskap og sterk sosial polarisering. Var målsaka her eit elitefenomen der ein fann dei øvre sjikta av bondesamfunnet, eller var det knytt til eit radikalt politisk prosjekt der småkårsfolk utfordra den etablerte ulikskapen? Her kan det sjå ut til å vera stor lokal variasjon som det er interessant å få kartlagd nærare.

==Litteratur om språkstriden==
===Generell litteratur===
Det finst ein omfattande litteratur om språkstriden på nasjonalt nivå. Alle nyare noregshistorier gjev eit generelt overblikk over språkstriden og ei kontekstualisering som er nyttig også i lokale studiar.
I språkhistoriske oversynsverk, ikkje minst lærebøker for vidaregåande skule og høgskule- og universitetsnivå, får ein ei grundigare generell innføring (t.d. Arne Torp og Lars S. Vikør: ''Hovuddrag i norsk språkhistorie''). Det viktigaste populærvitskaplege oversynsverket er Egil Børre Johnsen (red.): ''Vårt eget språk'' (2002). I slike bøker får ein òg eit oversyn over hovudlinene i den statlege norske språkpolitikken. Eit firebands vitskapleg referanseverk om norsk språkhistorie er under arbeid og vil bli publisert i åra 2013-15.
Den meir spesialiserte litteraturen er meir omfangsrik når det gjeld den nynorske målrørsla enn dei andre språkpolitiske grupperingane og rørslene. Eit godt oversyn over den nynorske målreisinga gjev Ottar Grepstad i ''Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie'' (2006). I 2010-11 kom eit vitskapleg tobandsverk ''Norsk målreising'' av Jens Johan Hyvik: ''Språk og nasjon 1739-1868'' og Oddmund L. Hoel: ''Mål og modernisering 1868-1940''. Her finn ein òg grundigare oversyn over aktuell fag- og forskingslitteratur. Kjell Haugland har skrive ei rekkje arbeid om historia til målrørsla og målreisinga, det viktigaste er ''Striden om skulespråket. Frå 1860-åra til 1902'' (1985). Hovudverket om riksmålsrørsla er Lars Roar Langslet: ''I kamp for norsk kultur. Riksmålsbevegelsens historie gjennom 100 år'' (1999). Elles består det vesentlege av den meir spesialiserte faglitteraturen av biografiar og institusjons- og organisasjonshistorier.
Ein tredje litteraturkategori skal nemnast for den som ynskjer oversyn over språkstriden på nasjonalt nivå, og det er dei partihistoriske verka. Særleg viktige er ''Høyres historie'' (4 band, 1984) og Leif Mjeldheims to bøker om historia til Venstre fram til 1940 – ''Folkerørsla som vart parti'' (1984) og ''Den gylne mellomvegen'' (2006). Men også historieverka om dei andre partia går inn på språkspørsmålet, ikkje minst ''Senterpartiets historie'' (2 band, 2001).
===Litteratur om språkstrid på regionalt nivået===
Forskingsinnsatsen har vore meir sparsam når det gjeld studiar av målstriden på regionalt og lokalt nivå. Dei nyare regionhistoriske verka (som ''Vestlandets historie'' og ''Trøndelags historie'') gjev nyttige, men knappe oversyn over feltet. Verket ''Trøndersk språkhistorie'' (2008) gjev òg eit visst oversyn over språkstriden i regionen. Elles er Anders A. Lothe: ''Målreisingssoga i Sogn og Fjordane'' (1950) det einaste spesialiserte omfattande reginonale verket på feltet, men det er prega av mange unøyaktigheiter.
Ut over dette finst fleire upubliserte hovud- og masteroppgåver som dekkjer delar av landet. Nordfrå gjeld det:
* Magne Heide: ''Nynorsk eller bokmål i folkeskolen i Troms fylke 1938-1945'' (1986)
*Roger Lockertsen: ''Målreising i Nord-Noreg 1898-1940. Organisering av målstriden og striden for skolemålet'' (1984)
* Jon Todal: ''Nynorsk eller bokmål? Striden om opplæringsmålet i folkeskulen i Sør-Trøndelag i 1930-åra'' (1980)
* Oddrun Osnes: ''Nynorsk eller bokmål? Striden om opplæringsmål i folkeskulen i Sør-Trøndelag i 1950- og 60-åra'' (1981)
* Sidsel Merete Skjelten: ''Nynorsk skulemål i Møre og Romsdal. Ein historisk analyse'' (1982)
* Kari Ann Norum: ''Innføring av nynorsk i seks kommunar i Sogn og Sunnfjord'' (2009)
* Johan Myking: ''Språk og stril. Målreising i Nord- og Midthordland 1885-1922'' (1981)
* Steinar Kristensen: ''Innføring av landsmål i skulane i Jondal, Odda og Ullensvang'' (1985).
Det finst elles ei rekkje organisasjons- og institusjonshistorier (særleg jubileumsskrifter) som kan ha interesse. Det gjeld i fyrste rekkjer skrifter om regionale ungdomslag (fylkeslag) og fylkesmållag.
===Litteratur om lokal språkstrid===
Alle dei nemnde oppgåvene på regionnivå har ei rekkje opplysningar også om lokalnivået. På kommunenivå skal ei hovudoppgåve nemnast: Gunn Evensen: ''Skolemålet i Lenvik 1930-1964. Framgang og tilbakegang for nynorsk skolemål'' (1993). Elles kan litteraturen om lokal språkstrid delast i tre hovudkategoriar:
* Kapittel/artiklar i generelle bygdebøker og skulehistorier.
* Artiklar i lokalhistoriske tidsskrift.
* Jubileumsskrifter (særleg om lokale ungdomslag/mållag).
===Statistikk===
Ottar Grepstad har gjort eit stort arbeid både med å samla eksisterande statistikk og å utarbeida ny historisk statistikk om nynorsk. Her finn ein òg ei rekkje opplysningar om lokalnivået. Dette er samla i ''Nynorsk faktebok 2005''<ref>[http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=85 Nynorsk faktabok 2005, nettutgåve] (Nynorsk kultursentrum)</ref>  og ''Språkfakta 2010''<ref>[http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=4395 Språkfakta 2010] (Nynorsk kultursentrum)</ref> Desse verka gjev dessutan ein grei inngang til det som finst av offisiell statistikk på feltet.
==Kjelder til lokal språkstrid==
===Arkiv for norsk målreising===
Læraren [[Peder Hovdan]] la gjennom eit halvt hundreår ned eit stort arbeid i å samla dokumentasjon om norsk målreising. Samlinga han bygde opp, [[Arkiv for norsk målreising]], er i dag den viktigaste samlinga med kjelder til norsk målreising og språkstrid fram til 1950-åra. Hovdan tok til med det systematiske innsamlingsarbeidet sitt kring 1908. Han samla avisklypp (153 kassettar) og bygde opp eit kontaktnett av informantar. Det han fekk inn, er samla i arkivet.
Kjernedokumentet i samlinga er den handskrivne protokollen ''Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865-1940-195...''. Her har kvar kommune si side der Hovdan har ført inn opplysningar om overgangen frå bokmål til nynorsk i skule, kyrkje, lokalstyring, organisasjonar o.l.
Arkivet med protokollen ligg i Ivar Aasen-tunet i Ørsta og er ei gullgruve for alle som vil studera målstrid på lokalplanet. Her kan ein rakst og effektivt finna opplysningar om aktørar, skulestyrevedtak, avisklypp og andre viktige kjelder og opplysningar.
===Offentleg arkivtilfang===
Den viktigaste arenaen for den lokale språkstriden har vore folkeskulen/grunnskulen. Regelverket har kravd skulestyrevedtak og etter kvart kommunestyrevedtak bak overgang til anna opplæringsmål, og i lange periodar har det òg vore krav om krinsvedtak (folkerøystingar). Skulestyreprotokollane er den viktigaste kjeldeserien som dokumenterer denne prosessen, men ein vil òg gjerne finna opplysningar i krinsprotokollar og ikkje minst korrespondansearkivet til skulestyret, i nyare tid skulekontoret og kommunen. Ver merksam på at noko av det eldre arkivtilfanget til skulestyra framleis kan liggja i prestearkiva i statsarkiva, ikkje i kommunearkivet.
I ein del tilfelle har skuledirektørane vore inne med rettleiing eller som klageinstans. Ein kan såleis òg finna kjelder om språkstrid på kommune-/krinsnivå i skuledirektørarkiva.
For primærkjeldene til språkskiftet innanfor kyrkja (samlebok, liturgi) må ein til prestearkivet og til soknerådsarkivet.
Ei rekkje kommunar gjorde frå 1920-åra vedtak om kva språk kommunen skulle administrerast på og kva språk staten skulle bruka i korrespondanse. Her må ein til kommunestyreprotokollane og korrespondansearkivet til kommunen i kjeldejakta.
===Organisasjonsarkiv===
Det har variert mykje i kva grad formelle organisasjonar har spela ei rolle i lokale målstrider. På nynorsksida gjeld det særleg ungdomslag og mållag, og er ein heldig, kan dei ha etterlate seg arkivtilfang som er til hjelp. Om dei lokale arkiva er tapte, kan det liggja arkivtilfang i [[Arkiv for norsk målreising]]. Det kan òg liggja stoff frå dei aktuelle lokallaga i sentralarkiva til Noregs Mållag eller Noregs Ungdomslag (Riksarkivet).
Det er svært sparsamt kva som er bevart av arkivtilfang etter lokale riksmålsforeiningar, men Riksmålsforbundet har eit sentralt arkiv.
===Aviser og blad===
Dei lokale språkstridene nedfelte seg gjerne i redaksjonelle oppslag og debattinnlegg i lokalavisene.
Målrørsla sine regionale og nasjonale organ følgde gjerne med på språkstriden på lokalplan. Nasjonalt var [[Den 17de Mai]] (1894-1935) hovudorganet til målrørsla. Frå 1908 hadde [[Peder Hovdan]] ei fast spalte i bladet der han skreiv om lokale vedtak om overgang til nynorsk. For årgangane 1894-1913 finst det ein database der mykje av innhaldet i stoffet er indeksert. Denne basen finst i [[Ivar Aasen-tunet]]. Avisa vart i 1935 avløyst av [[Norsk Tidend]], som byrja som dagsavis og i dag er medlemsblad for [[Noregs Mållag]].
Regionalt var [[Gula Tidend]] (1904-1996) hovudorganet for målrørsla på Vestlandet, og her finn ein òg mykje stoff om målstriden i bygdene. Også andre delar av landet hadde i kortare periodar sterke nynorske regionaviser som kan ha stoff om lokale språkstrider. Det gjeld aviser som [[Agder Tidend]] (Kristiansand, 1918-1963) og [[Norig]] (1909-1935).
Tilsvarande følgde riksmålsrørsla sitt hovudorgan, ''Rigsmaals-bladet'', med på kva som skjedde på lokalplanet.

==Notar==
==Notar==
Veiledere, Administratorer, Skribenter
4 496

redigeringer