Lokal språkstrid: Forskjell mellom sideversjoner

→‎Folkeskulen: faksimile av 1901-vedtaket i Jostedalen
(→‎Lokalstyring: utviding og omarbeiding på fleire punkt)
(→‎Folkeskulen: faksimile av 1901-vedtaket i Jostedalen)
Linje 50: Linje 50:
Dette var det formelle grunnlaget for at dei lokale skulestyra kunne ta til med innføringa av landsmål i folkeskulen. Ein skal merka seg to punkt i paragrafen, som er viktige i eit studium av korleis språkskifteprosessen føregjekk lokalt: For det fyrste var prosedyren at både overtilsynet for skulen og deretter krinsen (altså ei ’folkerøysting’ på eit krinsmøte) skulle uttala seg før skulestyret gjorde det bindande vedtaket. Røysterett på krinsmøtet hadde alle foreldre som budde i krinsen og hadde born i skulen, og likeeins alle som er 25 år, busette i skulekrinsen og særskilt skattlagde. Gifte kvinner som etter 1901 hadde kommunal røysterett, hadde òg røysterett på krinsmøtet. Eit framlegg i Stortinget i 1892 om at skulestyret var bunde til å følgja eit vedtak i krinsmøtet gjort med 2/3 fleirtal, kom ikkje inn i lova. Dermed stod skulestyret formelt fritt til å gjera eit anna vedtak enn overtilsynet og krinsmøtet hadde rådd til, og skulestyret kunne òg gjera særskilte vedtak for kvar skulekrins. Regelverket har seinare vorte endra noko, fyrste gong i 1915, men ordninga med krinsrøystingar gjeld framleis.

For det andre opna paragrafen for ein stegvis prosess der overgangen til nynorsk (eller tilbake) skjedde steg for steg ved at ein tok bok for bok eller fag for fag, og at vedtaket om det skriftlege opplæringsmålet til elevane vart gjort særskilt, altså ikkje ’alt eller inkje’ i eitt vedtak som dagens opplæringslov føreskriv. Ein finn òg døme på at elevane ikkje gjekk heilt over til å skriva landsmål med ein gong, men fekk t.d. ein time skriftleg landsmålsopplæring i veka i ein overgangsperiode.
{{thumb høyre|1901 målvedtak jostedal skulestyre.JPG|Døme på målvedtak: 15. januar 1901 vedtok Jostedal skulestyre å tillata foreldra å skaffa abc og bibelhistorei på nynorsk, sjå [[Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen]]}} For det andre opna paragrafen for ein stegvis prosess der overgangen til nynorsk (eller tilbake) skjedde steg for steg ved at ein tok bok for bok eller fag for fag, og at vedtaket om det skriftlege opplæringsmålet til elevane vart gjort særskilt, altså ikkje ’alt eller inkje’ i eitt vedtak som dagens opplæringslov føreskriv. Ein finn òg døme på at elevane ikkje gjekk heilt over til å skriva landsmål med ein gong, men fekk t.d. ein time skriftleg landsmålsopplæring i veka i ein overgangsperiode.

Dette opna for ei rekkje ulike variantar. Særleg i den fyrste fasen var ein stegvis prosess heller vanleg for at folk skulle venja seg til landsmålet. Det var heller ikkje uvanleg at det vart gjort ulike vedtak for  dei ulike skulekrinsane innanfor ein kommune, alt etter utfallet av dei lokale prosessane. Det kan såleis vera vanskeleg å finna eitt årstal for når ein krins eller kommune skifte opplæringsmål – det var oftast heller snakk om ein gradvis prosess over fleire år. Men det viktigaste einskildvedtaket i denne prosessen var det som galdt det skriftlege opplæringsmålet til elevane.  

Veiledere, Administratorer, Skribenter
4 496

redigeringer