Lokalhistoriewiki:Diskusjonsforum: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 281: Linje 281:


Idéer/innspill? -- [[Bruker:Olve Utne|Olve Utne]] 6. mar 2009 kl. 15:16 (CET)
Idéer/innspill? -- [[Bruker:Olve Utne|Olve Utne]] 6. mar 2009 kl. 15:16 (CET)
:: Eg synest det verkar føremålstenleg med dobbel-kategorisering, dvs. Bindal både under Helgeland og Namdalen og Snåsa under både Namdalen og Innherred. (Eg skjønar visst derimot ikkje ordentleg kva ”parallelle kategorisystem” vil innebere.)
Omgrepet ”landskap” er elles ikkje uproblematisk i kategoriseringssamanheng. Det bør iallfall lagast ein eigen artikkel om det – om korleis "landskap" blir brukt av historikarane og om kva realinnhald som kan leggjast i omgrepet i ulike historiske epokar. Nokon som føler seg kalla? Olve? Ein kunne byrje med Jordanes' oppramsing av horder, ryger, hader, romerikingar, ranrikingar osv. på 500-talet, og følgje utviklinga til eit tidspunkt der ein kan få  det meste til å falle inn under definerbare administrative einingar. Ein bør trekkje inn utgreiingar om "folkland", "småkongedømme" osv., som er gjenganagarar i historiepensa.
Apropos: Avsnittet ”Landskap i Norge” under artikkelen om [[distrikt]] verkar overflødig. Er det nokon ting i vegen for at dei namna som står der kunne listast opp saman med dei andre distrikta i lista ovanfor? Eg har iallfall tillate meg å stryke ”opprinnelige” framfor ”historiske landskaper”. Kva som gjev meining å kalle ”opprinnelege landskap” i landet kan vi vite veldig lite om. Eg har også modifisert sjølve lista over landskap og tilhøyrande distrikt, i tilfelle de meiner avsnittet bør behaldast. Men slike modifiseringar kan gjerast på så mange andre vis enn eg har gjort det, og det faktum illustrerer nettopp mitt poeng. Eg vil altså helst ha berre ei lang og ueinsarta liste med distrikt under landsdelsnivå. Den kan inkludere aktuelle og historiske distriktsnemningar, og nødvendigvis i mange tilfelle vere overlappande.
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer