Lokalhistoriewiki:Diskusjonsforum: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 195: Linje 195:

Eg vil gjerne takke for jobben som er gjort med å legge inn teksten til [[Heimar og folk i Bykle]] her på lokalhistoriewiki. Å ha alt dette stoffet søkbart er veldig bra, og å ha høve til å endre i artiklane er også eit gode. Når alle bileta etter kvart kjem på plass, vert dette ei flott kjelde for alle som er glad i lokalhistorisk stoff. Eg vonar at også andre lokalhistoriske bøker frå Setesdal kan bli lagde inn, det vil gje auka høve til å binde saman stoff, slik som bygdene og folka jo er bunde saman gjennom familie og slekt. Vil Lokalhistorisk institutt ta kontakt med Valle for å få eit tilsvarande samarbeid med den kommunen? Deira bygdebøker er jo eldre enn Byklebøkene, så dei treng endå meir til å verte oppdaterte i stoffet. --[[Bruker:Harald Haugland|Harald Haugland]] ([[Brukerdiskusjon:Harald Haugland|diskusjon]]) 18. des. 2014 kl. 15:31 (CET)

:Hei, fint å høyre at du sett pris på at vi har fått bygdeboka ut på LW. Vi er i kontakt med ein sentral person i Valle, og det er planar om å sjå nærare på ei oppdatering av bøkene der. Resten av bileta frå Byklesoga blir lagt ut i januar, og då er det på tide å byrje å oppsummere erfaringane og sjå på kva som kan gjerast for Valle sin del. Valle og Bykle har ei felles historie, for det var eitt prestegjeld, og også ein kommune fram til 1902, så sjølv om det går ei soknegrense der var dei to kommunane også ei felles eining. så dette kjem vi til å følgje opp framover. Vallebøkene er utmerka, og ei digitalisering av dei ville vere eit særs godt utgangspunkt for å oppdatere soga frå den kommunen. Ein annan spanande ting er at vi no også har eit samarbeid med Tinn kommune, der historielaget med kommunal støtte skal lage bygdesoge på Lokalhistoriewiki. Der finn vi også ein del lenkjer frå Bykle, og kan sjå enda betre korleis det vil fungere når vi har artiklar frå både kommunar. Det endelege målet - på laaaang sikt - kan vere å få til ei landsdekkjande samling bygdebøker på wikien slik at ein kan følgje folk og ætt på tvers av bygder og kommunar. [[Bruker:Cnyborg|Chris Nyborg]] ([[Brukerdiskusjon:Cnyborg|diskusjon]]) 18. des. 2014 kl. 16:27 (CET)