Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2010-25

Fra lokalhistoriewiki.no
< Lokalhistoriewiki:Hovedside
Sideversjon per 2. jun. 2010 kl. 10:19 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: {{:Austrått}}''Les mer...'')
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Austråttborgen ved Trondheimsfjorden er ein gammal norsk herregard.

Austrått er ei borg og ein historisk herregard i Ørland kommune ved utløpet av Trondheimsfjorden og sørvestenden av Fosenhalvøya. Austrått ligg sentralt plassert både i landskapet Fosen spesifikt og på kysten av Midt-Noreg generelt, og det har vore kjent som sete for fleire sentrale personar i norsk historie sidan 1000-talet. Borganlegget slik det står i dag blir tilskrive rikskansler Ove Bjelke, som skal ha sluttført anlegget kring 1656. Borga brann ned i 1916. Atteroppbygginga begynte i 1920-åra og var ferdig i 1961. Borga var tidlegare ein del av ein større jordeigedom, men jorda er no fråskilt. Staten eig sjølve borga med Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim som forvaltingsorgan. Borga er open for omvisningar frå juni til august. Les mer...