Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2012-32

< Lokalhistoriewiki:Hovedside
Sideversjon per 9. aug. 2012 kl. 09:29 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Lagt inn Verdas urfolksdag i samband med 9. august.)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Foto: Olve Utne (2009)

Verdas urfolksdag blir markert den 9. august. Dagen vart innstifta av FN i 1994 som ein lekk i å fremje internasjonalt samarbeid om urfolksspørsmål. Dagen er ei årleg markering av urfolks kultur i sine mangfaldige ovringar jorda rundt, og skal også tene til å fokusere på dei problema urfolk står andsynes mange stader i form av diskriminering, ekskludering, fattigdom, og somme stader direkte valdeleg undertrykking. Ein reknar med at det i dag er om lag 370 millionar menneske som tilhøyrer urfolk, spreidd over 90 ulike land. Urfolk er folkegrupper som har levd i eit område føre det vart kolonisert eller gjort om til ein stat, og som ikkje identifiserer seg med den statsberande kulturen i landet. I Noreg har samane status som urfolk. Les meir...