Verdas urfolksdag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Árran.
Foto: Olve Utne (2009).

Verdas urfolksdag blir markert den 9. august. Dagen vart innstifta av FN i 1994 som ein lekk i å fremje internasjonalt samarbeid om urfolksspørsmål. Dagen er ei årleg markering av urfolks kultur i sine mangfaldige ovringar jorda rundt, og skal også tene til å fokusere på dei problema urfolk står andsynes mange stader i form av diskriminering, ekskludering, fattigdom, og somme stader direkte valdeleg undertrykking.

Ein reknar med at det i dag er om lag 370 millionar menneske som tilhøyrer urfolk, spreidd over 90 ulike land. Urfolk er folkegrupper som har levd i eit område føre det vart kolonisert eller gjort om til ein stat, og som ikkje identifiserer seg med den statsberande kulturen i landet. I Noreg har samane status som urfolk.

Denne internasjonale dagen vart vedteken av FNs forum for urfolksspørsmål, og datoen vart vald fordi det var på den dagen det fyrste møtet i dette forumet vart halde i 1982. Dagen vart i fyrste omgang innstifta for ein 10-årsperiode, og tidsrommet vart kalla Det internasjonale tiåret for verdas urfolk. I 2004 vart tidsrommet for den årlege markeringa forlenga til 2015.

Kjelder og litteratur