Lokalsamfunn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. sep. 2008 kl. 12:01 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: I våre dagar er det svært mange menneske både i by og bygd som bur ''ein'' stad, har sitt daglege arbeid ein annan stad og kanskje sin omgangskrins og sine øvrige sosiale og kulturelle...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

I våre dagar er det svært mange menneske både i by og bygd som bur ein stad, har sitt daglege arbeid ein annan stad og kanskje sin omgangskrins og sine øvrige sosiale og kulturelle nettverk heilt andre stader. Hyppigare flytting, innvandring frå andre land og nye kommunikasjonsfellesskap har gjort dei sosiale og kulturelle mønstra meir innfløkte. Alt dette gjer omgrepet «lokalsamfunn» dess meir problematisk, og stiller lokalhistorikaren overfor nye utfordringar når han skal framstille den nyaste historia til dømes til ein kommune.


Seks kjenneteikn

Samfunns- og kulturforskarar har gjort mange freistnader på å formulere kriteriar for kva som utgjer «eigentlege» lokalsamfunn eller «lokale samhandlingseiningar». Eit døme frå ein spesifikt lokalhistorisk samanheng, og eit fruktbart analytisk utgangspunkt, er Ståle Dyrviks formulering av seks kjenneteikn på eit lokalsamfunn:

  • (Det er ) eit geografisk avgrensa busetnadsområde med hyppigare kontakt mellom menneska innanfor enn på tvers av områdegrensene.
  • Innbyggjarane kjenner kvarandre og har mangesidig samkvem med kvarandre.
  • Innbyggjarane har sams normer for sosial åtferd og utøver sosial kontroll over kvarandre.
  • Området har fellestrekk i ressursgrunnlag, produksjonsliv og materiell kultur.
  • Området har sams religiøse, rettslege og politiske primærinstitusjonar.
  • Det finst ein opplevd fellesskap mellom innbyggjarane.

Dyrvik, Ståle: «Lokalsamfunnet i historieforskninga» i Søkelys på lokalhistoria, NLI 1981.


Er kommunen eit lokalsamfunn? Det vil i praksis knapt finnast nokon kommune, som er det vanlegaste granskingsområdet for ein lokalhistorisk oppdragsforskar, som oppfyller alle dei seks lokalsamfunnskriteriane, og visseleg ikkje i alle dei historiske epokane som ei by- eller bygdehistorie til vanleg omfattar.

Til dømes vil dei fleste landkommunane i Noreg omfatte minst to av følgjande geografiske eller økologiske soner: kyst, jordbruksland, skog, fjell. Sjølv om ei av primærnæringane jordbruk, skogbruk, fangst eller fiske skulle vere dominerande i "ressursgrunnlag, produksjonsliv og materiell kultur", vil alle bygdesamfunn også ha meir eller mindre sterke innslag av andre primærnæringar og av yrkesgrupper og verksemder innan sekundær- og tertiærsektorane. Det gjeld særleg etter at industrialiseringa og urbaniseringa for alvor byrja å gjere seg gjeldande på 1800-talet, og enda meir da dei tenesteytande næringane i privat og offentleg sektor eksploderte i andre halvparten av 1900-talet.

Ein bykommune vil vere enda meir samansett enn ei bygdekommune både når det gjeld økonomi, yrkesstruktur, sosial- og kulturell variasjon.

I mange tilfelle vil det kanskje berre vere den "politiske primærinstitusjonen" kommunestyret som gjer kommunen til eit "lokalsamfunn", jf. kjenneteikn nummer fem ovanfor, og det gjeld berre etter at det kommunale sjølvstyret vart innført i 1837.


Prestegjeld og tinglag Både før og etter 1837 har den "religiøse primærinstitusjonen" soknet eller prestegjeldet hatt ein liknande posisjon som kommunen. Denne eininga har særleg lang kontinuitet, da mange prestegjeld/sokn har opphav i mellomalderen, og mange av kommunane har følgt dei same grensene som den geistlege inndelinga.

Den "rettslege primærinstitusjonen" tinglaget (krinsen for bygdetinget) var særs viktig i mange hundre år, men hadde mista mykje av si tyding som lokal samhandlingseining lenge før bygdetinget vart endeleg avskaffa i 1927.

Tinglaget var gjerne samanfallande med gammalnorske og mellomalderske verdslege inndelingar som skipreide, herad o.a., og mange stader med prestegjeldet. Men særleg på Vestlandet og i Nord-Noreg har det mange stader vore manglande samsvar mellom dei verdslege og geistlege distriktsgrensene. Det gamle tinglaget har ofte omfatta meir enn ei av dei moderne kommunane.

(Sjå oversyn over historiske distriktsinndelingar.)


Lokale einingar under kommunenivået For å spore nummer 2 og kanskje nummer 3 av Dyrviks lokalsamfunnskriteriar må ein venteleg ned på nivå under kommunen/prestegjeldet, til grender, skulekrinsar, bydelar, gater osv. Der vil da til gjengjeld kriteriet "religiøse, rettslege og politiske primærinstitusjonar" for falle bort, iallfall om ein ikkje reknar grendeskular, velforeiningar o.l. med blant slike primærinstitusjonar.