Lorkverna: Forskjell mellom sideversjoner

1 103 byte lagt til ,  14. jun. 2012
Linje 24: Linje 24:


===Jernblestring===
===Jernblestring===
På anlegget har historielaget sidan 200_ drive utforsking av den gamle jernblestringsteknikken.
På anlegget bygde historielaget sommaren 2008 eit [[jernblester]]. Over 300 dugnadstimnar gjekk med. Heidølen Jostein Espelund, som har lært om blstring på eit kurs i Sverige, vart innleigd for å konstruere anlegget. Han la vekt på at den som skulle blestre måtte kunne smi, kunne sjå med smedauge og skjøne temperaturen og kav som skjer med jernet i varmen.<ref>Einbu 2008 s. 22</ref>
 
Denne sommaren vart prosessen gjennomført frå brenning av trekol, framleiting av [[myrmalm]], [[Leksikon:Røsting|røsting]], malmen sanka i hop, blesteret mura opp, [[tømmerbolken]] montert, blesteret varma opp, malmen dryssa over kolet og etterfylt, slaggluka opna, [[jernluppen]] teke ut, reinsa og sveisa i hop til [[emnesjern]]. Trekolprosessen er dokumentert med foto og teksts i årsskriftet 2009, og prosessen med framleiting av malm til ferdig jern er dokumentert tilsvarande i årsskriftet 2008 s. 14-21. Det vart blestra to gonger i 2008, ei prøveblestring og ei blestring for publikum under arrangementet [[Markens Grøde]]. Sidan 2008 har det vore brent trekol og blestra kvart år.
 
Sommaren 2009 var det sett opp eit overbygg over blesteret, og ein dobbelverkande blåsebelg sett opp.


===Drift i dag===
===Drift i dag===
Veiledere, Administratorer, Skribenter
7 187

redigeringer