Ludvig Daae (1774–1843)
Ludvig Daae (fødd 8. november 1774 i Lindås, død 31. oktober 1843 i Gloppen) var teolog. Han var son av magister Ludvig Daae, sokneprest i Lindås.
Daae gjekk ut frå Bergens Skole i 1792 og vart cand.theol. sommaren 1800. Frå 17.7.1801 var han personleg kapellan i Vik og frå 24. juni 1808 fyrste sokneprest i Lavik, som nyleg var utskild frå Eivindvik som eige prestegjeld. Han vart 22.6.1829 utnemnd til sokneprest i Gloppen der han var til han fekk avskil i 1842.
Daae gifte seg fyrste gong i 1802 med Kathrine Dorothea Liljedal (1771-1809), dotter av klokkaren i Vik, Apollonius Liljedahl og Mette Marie Harboe. I 1810 gifte han seg på nytt med Nille Susanne Holck (1772-1861), dotter av kaptein Hans Henrik Hornemann Holck og Margrethe Middelfart Thorstrup.
Ludvig Daae og Kathrine Liljedal fekk eitt born:
- Ludvig Daae (1806-1835), teolog
Ludvig Daae og Nille Susanne Holck fekk desse borna:
- Kathrine Dorothea Daae (f. 1812), gift med teologen Rasmus Rolfsen Arnet
- Hans Henrik Holck Daae (f. 1817), teolog
Kjelde: Lampe II s. 185-186