Ludvig Daae (1786–1831)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. jun. 2014 kl. 07:50 av Oddloho (samtale | bidrag) (førebels publ)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ludvig Daae (fødd 26. november 1786 i Leikanger, død 6. desember 1831 i Lærdal) var sokneprest og politikar. Han var son av sokneprest Anders Daae i Leikanger. Han gjekk Bergen latinskule 1805-07, men byrja ikkje å studere i København før i 1809 på grunn av krigen. Han vart cand.theol. hausten 1812 og var frå 2. april 1813 personleg kapellan i Leikanger, frå 31. oktober 1814 residerande kapellan same stad.

+ få med valmannomboda

Daae vart utnemnt til sokneprest til Trondenes 13. april 1823, men overtok aldri kallet før han 2. juni same året fekk sokneprestembetet i Lærdal. Det hadde han til han døydde.

Daae gifte seg 4.2.1813 med Elise Benedicte Petersen (1793-1875) frå København. Dei fekk desse borna som voks opp:

  • Anders Daae (1814-1887), teolog
  • Jonas Ravn Daae (1822-1892), offiser
  • Anne Sophie Daae (f. 1824), ugift
  • Christopher Frimann Daae (1825-1893), teolog
  • Martha Daae (1826-1877), gift med Wilhelm Frimann Chrisie, kjøpmann i Kristiansund
  • Ludvig Daae (f. 1829), røyrleggjar i Kristiania
  • Elise Benedicte Daae (f. 1830), gift med sokneprest Hans Christian Nimb
  • Johan Christopher Haar (1832-1871), handelsmann i Kistiansund

Kjelde: Lampe II s. 37-38.