Lunde Båtbyggeri

Sideversjon per 2. okt. 2014 kl. 07:47 av Knut Rage (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Lunde Båtbyggeri på Tysnes i Sunnhordland.jpg|Båtbyggeriet i Lunde produserte lystfartøy på 1920- og 1930-talet, inntil marknaden for slike båtar svikta. Truleg eit postkor...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Lunde Båtbyggeri på Tysnes i Sunnhordland vart etablert i 1912 og var i drift til 1967. I 1978 vart drifta teke opp att av nye eigarar.

Båtbyggeriet i Lunde produserte lystfartøy på 1920- og 1930-talet, inntil marknaden for slike båtar svikta. Truleg eit postkort frå 1930-talet. (Lokalhistorisk arkiv i Tysnes.

Ein marknad for lystfartøy

Tysnes har lang tradisjon for båtbygging, så då Johs. M. Lunde starta båtbyggeriet i Lunde 1912 føya han seg inn som ein av fleire i rekkja. Men det var likevel noko spesielt, ettersom den vesle verven tok til med bygging av lystfartøy og seglkutterar. Det er mogleg at det var ein marknad som Johs. M. Lunde hadde fått augene opp for i løpet av dei åra han fekk si praktiske utdanning i USA.

Johannes M. Lunde (1884-1954) frå Elvastølen, som eigde og dreiv verksemda, bygde først båtar ute i Skutevikjo, på andre sida av Lundavågen. I heilt unge år var Johannes EIvastølen, som han vart kalla, nokre få turar på Nordland, før han byrja reisa utanriks i 1900. Året etter mønstra han av i New York. Her gjekk han på bygnings- og skipsverftsarbeid, i tillegg til teknisk kveldskule. Så kom han heim i 1910, gifta seg og byrja med båtbyggeriet i Skutevikjo.

Tidene var ofte dårlege for verven. Han måtte fleire gongar ta seg hyre til sjøs for å få endane til å møtast, forutan fleire nye opphald i USA. Først i 1935 kom det fart på båtbyggeriet i Lunde att, som han dreiv fram til han døydde i 1954, då sonen Olav overtok.

Strammare tider

 
Sjøsetting av det eine av dei tre vikingskipa som vart bygd på Lunde båtbyggeri til innspelinga av Hollywood-filmen "The Vikings" i 1957. Alle skuleborn i kommunen fekk fri den dagen for å vera til stades. (Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Men det skulle etter kvart visa seg at marknaden for fritidsbåtar ikkje var så stor som han hadde trudd. Verksemda vart lagt om til bygging av handelsreisandebåtar, som sjølvsagt ikkje eksisterer meir men som det var mange av på den tida og fiskefarty samt reparasjonsarbeider. I samband med det vart det sett opp eit sagbruk, ein mindre patentslipp for opptil 60 fots kjøl og ein mekanisk verkstad for montering og reparasjon av motorar. Verkstaden vart utstyrt med ein moderne motor drive av ein 40 HK råoljemotor. Dessutan fekk verven sitt eige lysverk i 1948. Det gav og straum til lys til fleire husstandar i nærleiken, fire år før straumen frå Blåfalli. Sjølve båtbyggeriet heldt til i eit solid hus med skifertak, og det var høgt nok under taket til å gjerra ein 75 fots båt komplett ferdig innan sjøsettinga.

Innan båtbyggeriet gav seg i 1959 var det bygd langt meir enn hundre båtar der, med store kundar som skipsreiar S. Kuhnle, "Kløverhuset" i Bergen og Den norske marine, forutan Bergens Havnevesen og Norges Sjøkartverk. Men dei mest berømte båtane som vart bygde her var nok dei tre vikingskipa som vart levert til Hollywood-filmen "The Vikings" i 1957. Lunde Båtbyggeri var den største arbeidsplassen i Tysnes over lengre tid, og på 1950-talet sysselsette det 22 mann. H. Askvik og Sønner leigde Lunde Båtbyggeri frå 1956 til1959, då det vart heilt nedlagt.

Ny drift

 
Kaien nedanom båtbyggeriet i Lunde, ukjend årstal. (Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Det eine tok det andre med seg. Hans G. Lunde dreiv handel ved Lundelvo like fram til han døydde i 1961, men tyngdepunktet i Lunde var i ferd med å verta flytta opp herfrå til «Storevegen». Ekspederinga av «Midthordland » heldt likevel fram endå nokre år, til1967. Då vart stoppestaden avvikla.

Båtbyggeriet vart seinare nytta som opplagsplass i ei rekkkje år. I 1978 vart Lunde Båtbyggeri A/S etablert. Firmaet har bygd nye verkstadlokale og driv med byggjing av båtar i stål og aluminium, men elles meir generelt med oppdrag innafor mekanisk industri. Tysnes kommune kjøpte i 1976 dampskipskaien og handelsbua ved Lundelvo, og i 1986 vart bua rive for å gje betre tilgang til kaien for Lunde Båtbyggeri .

Litteratur og kjelder

  • Det Norske næringsliv, bind 10. Hordaland fylkesleksikon. Det norske næringslivs forl., Bergen. 1952.
  • Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge, band x. Utg. Tysnes sogelag, 1989.
  • Johannes Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog, band 2. Utg. Tysnes sogelag, 1975.