Lureåe (Tinn): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Bilete)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 7: Linje 7:
Rett ved den gamle, restaurert brua over Luråe, ser ein fundamentet etter ei oppgangssag. Ein veit at ho var i verksemd i 1870- og 1880-åra, da ho var driven av Ola K. Luraas.
Rett ved den gamle, restaurert brua over Luråe, ser ein fundamentet etter ei oppgangssag. Ein veit at ho var i verksemd i 1870- og 1880-åra, da ho var driven av Ola K. Luraas.


Lenger nede i åa, ved dagens bilveg, ligg det ei sag som har vore i verksemd i nyare tid. Like i nærleiken er det også ei smie som er restaurert.
Lenger nede i åa, ved dagens bilveg, ligg det ei sag som har vore i verksemd i nyare tid. Like i nærleiken er det også ei smie som er restaurert, Lureelvens Verksted for Ljåer.
<gallery>
<gallery>
Fil:Lure sagtuft.JPG|<small>Lureåe frå den gamle brua. Fundamentet for den gamle oppgangssaga nede til venstre. Foto: H.P.Hosar</small>
Fil:Lure sagtuft.JPG|<small>Lureåe frå den gamle brua. Fundamentet for den gamle oppgangssaga nede til venstre. Foto: H.P.Hosar</small>
Linje 14: Linje 14:
</gallery>
</gallery>


== Kjelder og litteratur ==
*Informasjonsoppslag ved Lure kulturminneområde, lesne 30. september 2012.
*[http://www.austbygde.no/joomla/index.php?option=com_content&view=article&id=79 Om Lure historielag på nettsidene "Tinn Austbygd - bygde kans",] konferert 1. oktober 2012.
[[Kategori:Tinn kommune]]
[[Kategori:Tinn kommune]]
[[Kategori:Kulturminner i Telemark]]
[[Kategori:Kulturminner i Telemark]]

Sideversjonen fra 1. okt. 2012 kl. 11:58

Lureåe i september 2012. Foto: H.P.Hosar

Lureåe er ei tverrelv i Austbygde i Tinn kommune i Telemark. Elva har vore drivkraft for ei mengd førindustrielle foredlingsverksemder som kverner, sagbruk og stampe. I dag er Lure kulturminneområde sentrert rundt Lureåe.

Ho renn frå Lufsjå (1214 meter over havet) på grensa mellom Telemark (Tinn) og Buskerud (Nore og Uvdal), og får tilrenn også frå Akslarvatn i Skirvedalen i Tinn. Lureåe renn sørover forbi Lurestaul, ned dalsida gjennom Luredalen, og renn ut i Austbygdåe like ved Tinn Montessoriskole (tidlegare Haukås-Lurås skule). Høgdeskilnaden mellom utspringet frå Lufsjå til utlaupet i Austbygdåe er om lag 300 meter.

Blant verksemdene som har funnest her gjennom tidene, har det vore mange kvernbruk. Den eine av desse, Jonsjordkvenne, er attendeført til staden etter eit opphald ved eit bygdemuseum. Gardskvernene var utdaterte da det kom ei bygdemølle innan rekkjevidde i 1930. Det har også vore ei vadmålsstampe på staden, bygd av Torjus T. Garden (fødd 1814). I dag er det berre så vidt tufta etter stampa er synleg. Ho låg ved sida av det som kallast Bleikevollen, eit namn som også peikar mot tekstilbehandling.

Rett ved den gamle, restaurert brua over Luråe, ser ein fundamentet etter ei oppgangssag. Ein veit at ho var i verksemd i 1870- og 1880-åra, da ho var driven av Ola K. Luraas.

Lenger nede i åa, ved dagens bilveg, ligg det ei sag som har vore i verksemd i nyare tid. Like i nærleiken er det også ei smie som er restaurert, Lureelvens Verksted for Ljåer.

Kjelder og litteratur