Lyngstad (Fyresdal): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 20: Linje 20:
<gallery>
<gallery>
Lensmannsgata i Folkestadbyen. Midttun til høgre..jpg | Lensmannsgata. Vi ser det fyrste huset Lyngstad til venstre, Midttun til høgre.
Lensmannsgata i Folkestadbyen. Midttun til høgre..jpg | Lensmannsgata. Vi ser det fyrste huset Lyngstad til venstre, Midttun til høgre.
Lyngstad i Folkestadbyen i Fyresdal.jpg | Eit Lyngstad i to fulle høgder og markert som telegrafstasjon.
</gallery>
</gallery>



Sideversjonen fra 27. sep. 2019 kl. 11:11

Lyngstad (Fyresdal gnr. 37/16) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal med adresse Lensmannsgata 4.

Lyngstad var truleg ein del av eigedomen Vestby i Folkestadbyen. August Westerberg selde denne til Olav T. Graver for 1500 kroner. Brevet vart tinglese i 1897. Olav Graver selde i 1898 hus og tomterett vidare til Olav T. Karlstad for 1800 kroner.

Huset vart flytt ned til Lyngstad frå Hauggrend. Det var skomakarane Olav og Gunnar Åsmundssøner Åmli som budde her i 1900. Nokre år seinare finn me Anne Tarjeisdotter her, ho var gift med vegvaktaren Jon Jonson Skjeggerud.

Bygdebokforfattaren Steinar Marvik, som er særs etterretteleg i alt han skriv, fortel om eigedomen Lyngstad i Folkestadbyen i 1897. Han skriv alltid om staden tilflytta hus kjem frå, men her skriv han berre at det kjem frå Hauggrend. Namnet Lyngstad i Hauggrend er eit namn lokalt om ein bustad oppe ved fjellgarden nedre Fjøddi som vart bygd opp og rive att i slutten av 1800talet på grunn av ein tidsavgrensa bruk.

Dersom vi ser på eit tidleg foto frå Lensmannsgata med bakar Hansen sin forretning til høgre, skriv Landvik/Ormtveit at bygningen til venstre er Lyngstad. Ser vi på veggen ut mot gata så har denne mogleg grovare tømmer i fyrste høgda enn i gavlveggen i andre, den har preg av perioden omkring 1900. Har vel og preg av å vere tilflytta/påbygd. Meir om dette huset har det i 2019 ikkje lukkast å finne ut.

I et privat fotosamling er det eit foto av ein relativ stor bygning i to fulle høgder.. Om denne er det opplyst at det er Lyngstad, ukjent årstal. Ein kan på veggen ane skilt om mogleg telegraf og post. Torleiv Skomdal med søner budde i andre høgda på Lyngstad i 1932, han var styrar på Fyresdal kommunale elverk. Då må den fyrste bygningen i mellomtida ha blitt erstatta av denne større, truleg av mange grunnar. Enten har det fyrste huset blitt bygd på ei full andre høgd, eller det kan lik fleire andre i nabolaget ha blitt tømra opp i eitt. Biletet av dette huset er det litt usikkert å plassere i høve til Lensmannsgata, det er litt utydeleg. Signe Seljestad var postopnar.

Bygningen Lyngstad vart rive i 1980åra. Før det var der telefonsentral og bustad for styraren i andre høgda inntil automatiseringa kom, om rivinga var det mange ulike meiningar. Det er eit bilete av denne bygningen kledd utvendig og kvitmåla. På tomta er det i 2019 ein liten automatisert telefonsentral og ei særs dominerande antenne.


Biletgalleri


Kjelder og til utdjupande lesnad

• Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992

• Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.