Lyngstad (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lyngstad (Fyresdal gnr. 37/16) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal med adresse Lensmannsgata 4.

Lyngstad var truleg ein del av eigedomen Vestby i Folkestadbyen. August Westerberg selde denne til Olav T. Graver for 1500 kroner. Brevet vart tinglese i 1897. Olav Graver selde i 1898 hus og tomterett vidare til Olav T. Karlstad for 1800 kroner.

Huset vart flytt ned til Lyngstad frå Hauggrend. Det var skomakarane Olav og Gunnar Åsmundssøner Åmli som budde her i 1900. Nokre år seinare finn me Anne Tarjeisdotter her, ho var gift med vegvaktaren Jon Jonson Skjeggerud.

Bygdebokforfattaren Steinar Marvik, som er særs etterretteleg i alt han skriv, fortel om eigedomen Lyngstad i Folkestadbyen i 1897. Han skriv alltid om staden tilflytta hus kjem frå, men her skriv han berre at det kjem frå Hauggrend. Namnet Lyngstad i Hauggrend er eit namn lokalt om ein bustad oppe ved fjellgarden nedre Fjøddi som vart bygd opp og rive att på slutten av 1800-talet på grunn av ein tidsavgrensa bruk.

Dersom vi ser på eit tidleg foto frå Lensmannsgata med bakar Hansen sin forretning til høgre, skriv Landvik/Ormtveit at bygningen til venstre er Lyngstad. Ser vi på veggen ut mot gata så har denne mogleg grovare tømmer i fyrste høgda enn i gavlveggen i andre, den har preg av perioden omkring 1900. Har vel òg preg av å vere tilflytta/påbygd. Meir om dette huset har det i 2019 ikkje lukkast å finne ut.

I ei privat fotosamling er det eit foto av ein bygning i to fulle høgder. Om denne er det opplyst at det er Lyngstad, ukjent årstal. Ein kan på veggen ane skilt om mogleg telegraf og post. Torleiv Skomdal med søner budde i andre høgda på Lyngstad i 1932; han var styrar på Fyresdal kommunale elverk. Då må den fyrste bygningen i mellomtida ha blitt erstatta av denne større, truleg av mange grunnar. Enten har det fyrste huset blitt bygd på ei full andre høgd, eller det kan lik fleire andre i nabolaget ha blitt tømra opp i eitt. Biletet av dette huset er det litt vanskeleg å plassere i høve til Lensmannsgata, det er for utydeleg til å sjå detaljar. Signe Seljestad var postopnar.

Bygningen Lyngstad vart riven i 1980-åra. Før det var der telefonsentral og bustad for styraren i andre høgda inntil automatiseringa kom. Om rivinga var det mange ulike meiningar. Det er eit bilete av denne bygningen kledd utvendig og kvitmåla. På tomta er det i 2019 ein liten automatisert telefonsentral og ei særs dominerande antenne.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: «Hus og folk i Folkestadbyen» i Sjå deg attyvi, Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.