Lysomn: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 7: | Linje 7: | ||
* [[Røykomn]] | * [[Røykomn]] | ||
{{ | {{F1}} | ||
[[kategori:ildsteder]] | [[kategori:ildsteder]] |
Sideversjonen fra 27. jan. 2014 kl. 16:29
Ein lysomn eller ei grue, i nyare tid ofte òg kalla ein peis, er ein open eldstad med avtrekk til skorstein. Lysomnar har i Noreg vore vanlege i dei skogrike områda på Austlandet, medan kyststrøka langs Vestlandet og oppetter til Nordmøre, der trevirke har vore vanskelegare å få tak i eller dyrare, har hatt meir bruk av dei meir økonomiske, men kraftigare forureinande røykomnane fram til jarnomnen slo gjennom frå kring slutten av 1700-talet og framover. Lysomnane finst i to hovudvariantar: med avrunda mantel (kappe, kåpe) og med kvadratisk mantel. Vanlege plasseringar inkluderer i hjørnet (gjerne inst på den stueveggen som grensar til koven/kammerset/kjøkenet) og midt på veggen (gjerne mellom døra til gangen og døra til koven/kammerset/kjøkenet).