Lysomn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. mai 2008 kl. 10:24 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>{{thumb|Lund 1910 fig. 2 Lysovn fra Aaker, Sundalen.jpg|Lysomn frå Sunndalen|fotograf= Wilh. Lund}} Ein '''lysomn''' eller ei '''grue''', i nyare tid ofte òg kalla ei...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lysomn frå Sunndalen
Foto: Wilh. Lund

Ein lysomn eller ei grue, i nyare tid ofte òg kalla ein peis, er ein open eldstad med avtrekk til skorstein. Lysomnar har i Noreg vore vanlege i dei skogrike områda på Austlandet, medan kyststrøka langs Vestlandet og oppetter til Nordmøre, der trevirke har vore vanskelegare å få tak i eller dyrare, har hatt meir bruk av dei meir økonomiske, men kraftigare forureinande røykomnane fram til jarnomnen slo gjennom frå kring slutten av 1700-talet og framover. Lysomnane finst i to hovudvariantar: med avrunda mantel (kappe, kåpe) og med kvadratisk mantel. Vanlege plasseringar inkluderer i hjørnet (gjerne inst på den stueveggen som grensar til koven/kammerset/kjøkenet) og midt på veggen (gjerne mellom døra til gangen og døra til koven/kammerset/kjøkenet).

Sjå òg