Målparagrafen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. feb. 2012 kl. 09:31 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>'''Målparagrafen''' var paragrafen i folkeskulelovene som regulerte bruken av bokmål og nynorsk i undervisninga. Paragraf 73 i ”Lov om Folkeskolerne paa Landet” (land...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Målparagrafen var paragrafen i folkeskulelovene som regulerte bruken av bokmål og nynorsk i undervisninga. Paragraf 73 i ”Lov om Folkeskolerne paa Landet” (landsskulelova) lydde frå 1892 slik:

Undervisningen skal foregaa i det norske Sprog. Skolestyret bestemmer, om Skolens Læse- og Lærebøger skal være affattede paa Landsmaal eller i det almindelige Bogmaal, og i hvilket af disse maal Elevernes skriftlige Arbeider i Almindelighed skal affattes. Dog skal Eleverne lære at læse begge Maal. Inden Skolestyret fatter sin Beslutning, skal Overtilsynets og derefter Kredsens Erklæring være indhentet.

I de blandede Sprogdistrikter i Tromsø Stift kan Kirke- og Undervisningsdepartementet efter Forslag af Skolestyret, og efterat Overtilsynet har havt Anledning til at udtale sig, bestemme at børnene kukn skal lære at læse ét af de førnevnte Maal, samt at Lappisk og Kvænsk kan benyttes som Hjælpesprog ved Undervisningen, og at der kan anvendes Læse- og Lærebøger med lappisk eller kvænsk Text ved Siden af den norske.

Paragraf 64 i ”Lov om Folkeskolerne i Kjøbstæderne” (byskulelova) fekk same ordlyd.

Målrørsla hadde sidan 1870-åra arbeidd for at det skulle bli mogleg å bruka nynorsk (landsmål) i skulen, og eit fyrste steg var vedtaket i 1878 om at ”Undervisningen i Almueskolen bør saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talemaal.” Etter dette måtte læraren retta seg etter dialekten til elevane.

Jamstellingsvedtaket i 1885 gjorde i prinsippet nynorsk til offisielt språk i skule- og styringsverket. Det vart opp til Johan Sverdrups kommisjon (nedsett november 1885) som skulle utarbeida nye folkeskulelover å implementera dette i lovverket. Fleirtalet i kommisjonen kom med eit framlegg til målparagraf, men då folkeskulelovene vart vedtekne i juni 1889, gjorde fråfallet i Venstre at framlegget ikkje fekk fleirtal. Fyrste avsnitt i paragrafen sa difor berre at ”Undervisningen skal foregaa i det norske Sprog.”

Etter Venstre sin valsiger i 1891 tok partiet opp att saka, og våren 1892 vart målparagrafen vedteken av Venstre-fleirtalet i Stortinget. Paragrafen vart identisk med framlegget frå skulelovkommisjonen som fall i 1889 med unntak av at siste setning i fyrste avsnitt var stroken. Den hadde sagt at ”Er denne sidste [kredsens erklæring] afgivet med to Trediedele af de Mødende Stemmer, skal den af Skolestyret tages tilfølge.” Folkerøystingane i skulekrinsane vart dermed berre rådgjevande for skulestyret, ikkje bindande.

Hovudprinsippa har vorte ståande fram til i dag. Målparagrafen vart i justert form vidareført både i grunnskulelova (1969) og opplæringslova (1998). Reglane om folkerøystinga har veksla noko mellom å vera rådgjevande eller bindande (på visse vilkår), og om alle røysteføre i krinsen eller berre foreldra hadde røysterett.

Målparagrafen innebar at valet mellom nynorsk og bokmål i folkeskulen heilt og fullt vart delegert til lokalsamfunnet. Paragrafen vart eit våpen i hendene på den lokale målrørsla, og fram til 1940-åra vart regelverket brukt til å føra inn nynorsk i over halvparten av dei 5500 skulekrinsane i landet med kring 1/3 av elevane. Etter 1945 har det same regelverket vorte brukt til å røysta inn bokmål att i mange av desse krinsane.

Den fyrste tida opna målparagrafen for separate vedtak om målform i kvar einskild lærebok og det skriftlege opplæringsmålet. Mange stader ser ein òg at språkskiftet til nynorsk vart ein stegvis prosess. Seinare vart lovverket endra slik at ei måtte gjera eitt samla vedtak som både galdt lærebøker og skriftleg opplæringsmål. Sjå meir om praktiseringa av regelverket og korleis språkskiftet kan studerast i Metode:Lokal språkstrid.

Då riksmålsrørsla vart organisert hausten 1899, var fjerninga av målparagrafen eit hovudkrav. Riksmålsrørsla og Høgre arbeidde for dette fram til ca 1910, men fekk lite støtte for kravet i Stortinget.

Den viktigaste seinare endringa i målparagrafen er parallellklasseordninga som kom inn i desember 1917. Dette gav foreldra lov til å krevja ein eigen klasse med anna opplæringsmål enn det vedtekne. Ordninga står framleis ved lag og er seinare presisert slik at foreldra til 10 elevar på same klassesteg må reisa kravet for få rett på ein språkleg parallellklasse.

Litteratur

  • Gjelsvik, Nikolaus. (1904). Uttyding til § 73, fyrste leden, i lov um folkeskulen paa landet (§ 64 i lov um folkeskulen i kjøpstaderne). Oslo: Maalkassa.
  • Haugland, Kjell. (1985). Striden om skulespråket. Frå 1860-åra til 1902. Oslo: Samlaget.
  • Hoel, Oddmund Løkensgard. (2011). Norsk målreising. Mål og modernisering 1868-1940. (Bd. 2). Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Støylen, Andreas. (1955). Målparagrafen i folkeskolelovene. Oslo: Noregs boklag.