Møbelhandverk i Sogn på 1800- og 1900-talet

Rosemåling og treskjering

Handverket treskjering og rosemåling har lang tradisjon i Noreg. Denne forma for dekor har til ulike tider hatt eit mangfaldig uttrykk. Hovudsakleg er det ei tredeling innan denne tradisjonen med biletkunst. Profesjonelle kunstnarar har det som yrke, handverkarar arbeider med dekor for utsmykking, kunstnarar og personar som gjennom eigenstudier og kursdeltaking har utvikla dugleiken, og gjerne vekslar mellom kunstnarleg aktivitet og sitt hovudyrke. Dette var ut frå samtida kjønnsdelt. Kvinner fekk utdanning innan handverk, vev og biletvev, medan menn ofte fekk sløydundervisning eller gjekk i verkstad og målarlære etter folkeskulen.

 
Kråskåp hjørne - beisa med treskurd

To ungdomar på den lokale arena fatta interesse for utdanning på feltet sløyd og måling. Det var Ivar J. Rinde og Trygve Tveit. Begge gjekk på folkeskulen i Feios, men i i kvar si grend. Ivar ved Fedje folkeskule og Trygve ved Helleland folkeskule. Sløydskulen hadde lokale i Feios ungsomshus.

Ivar J. Rinde (1917-1964) var bygningssnekkar og arbeidde òg som møbelsnekkar. Han hadde to-år på sløydskulen i Feios med Ingolf Stokkenes som lærar. Seinare gjekk han i lære hjå morfaren Sjur Feidje og onkelen Atle Rishovd, Leikanger.

Trygve Tveit (1920 – 1991) var utdanna målar og etablerte Vik Fargehandel i 1960. Han gjekk på Statens industriskule på Haus 1944 -1946 og K. Nerheims handelskule i Bergen 1947-1948. Truleg har han også vore elev på sløydskulen i Feios. Han var lærar på Vik yrkesskule 1950-1951.

Utdanning på feltet

På fyrste halvdel av 1900-talet var det målretta planar for skuleverket om utdanning for å gje ungdommane ein grunnleggjande dugleik gjennom sløydskulane som ofte var knytt til framhaldsskulen. Dessutan var det yrkesskular som hadde tilbod om treskjering og rosemaling for å halde denne tradisjonen i hevd. Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design hadde sommaren 2018 ei utstilling av Gerhard Munthe. I denne utstillinga var eit bilete«Erindring frå Gulsvik 1890». som gav assosiasjonar til denne grunnleggjande utdanningskulturen som kombinerte heimelaga møbler med avansert rosemaling eller treskurd, iallfall i ein del av bygde-Noreg. Denne sløydkulturen førte til framveksten av både framskap og kråskap.

 
Kråskåp hjørne - golv. Dekor med trekurd i hjørnefelt på dører.

Kråskapa i denne tidsepoken var ofte brunbeisa, gjerne med treskjering som dekor, truleg for mest mogleg å etterlikna tilsvarande møberinventar i bykulturen. Desse kråskapa var svært vanleg å laga for dei som gjekk på sløydkurs, gjerne i to år. I byborgarskapet sin kultur var møblane ofte laga av treslag frå sydlegare breiddegrader. Men med satsinga på norsk handverk og handverksindustri, kom også inspirasjonen frå den norske kulturen som viktige bidrag i utviklinga av den norske art nouveau stilen.

 
Framskåp

Art Nouveau

Denne kunstretninga hadde sitt inntog i Noreg ved overgangen mellom 1800 og 1900-talet. Opphavleg kom stilen frå Frankrike. Det var mellom anna kunstnaren Gerhard Munthe som eksponerte ein del av denne kunstretninga i Noreg. Han fatta interesse for denne stilretninga og spesielt dekorasjonskunsten. Nasjonalmuseet har vist ei utstilling der Gerhard Munthe står sentralt innanfor utviklinga av denne kunstarten innan interiør, biletkunst og vev. Stilretninga kom som ein reaksjon på naturalismen som hadde stått sentralt utover 1800-talet. Denne retninga bort frå naturalismen, også nemnt som anti-naturalismen, vart kalla art nouveau-rørsla og vart introdusert i pressa i artiklar av Gerhard Munthe. Jugendstilen er ei anna nemning på stilen som ligg nær opp til art nouveau, men her er utgangspunktet knytt til tysk kunst, og ofte arkitektur.(Fahr-Becker, 2007) Den dekorative kunsten la grunnlaget for kunsthandverket i Noreg. Kunsthandverket relatert både til trearbeid og tekstilarbeid hadde ein epokegjerande utvikling utover første halvdel av 1900-talet i Noreg og la grunnlag for å fremja kunstindustrien i Norge. Tidlegare hadde den første professor i kunsthistorie Lorentz Dietrichson(1834 – 1917) påpeika at konsumentane ofte føretrekte utanlands kunst og design. Men med betre material og lågare prisar kunne like gjerne den norske industrien innan dekorativ kunst vera konkurransedyktig. (Kokkin, 2018)

Møblar

 
Stol i same stil

Framskap har lang tradisjon i norsk interiørdesign, særleg innan bondekulturen. Denne tradisjonen har truleg vore sentral gjennom utviklinga av norsk interiørdesign som hadde sin framvekst med art nouveau. Denne tradisjonen var truleg ein viktig bakgrunn på sløydkursa som vart arrangert i dei fleste bygder. Det blåmåla skåpet er for rett vegg, medan det brunbeisa skåpet er for hjørne og går til golvet.Blåmåla med mørk raud kant og rosemåla dekor.

Mål: Underskåp L 128 x D 50 x  H 0,85 cm,  Overskåp: L 124 cm x 25 cm x 0,94 cm

Total høgde: 179 cm

Underskåpet har to dører med dekor, ornamentikk i rosemåling. Overskåpet har to dører oppdelt i ruter med farga glas, truleg ein konsekvens av den gjeldande stilretninga. Fronten er avslutta med liljeornamentikk  som er symmetrisk.  Kan det vera ein tilpassing av den franske lilje eller «fleur de lis» midt på overskap. Dører og skuffer har enkle handtak i tynt smijern. Dørene på underskapet er dekorert med symmetrisk blomstermotiv. Difor kan dette vera eit døme på der symmetri og asymmetri utfyller motivet. Blomstermotivet er asymmetrisk i sin komposisjon, men i heilskapen finn ein symmetri.

Brunbeisa framskap for golv til høgre.  Dekor på dør framskap, arbeid av Ivar J. Rinde.

Stol i same blåfarge og stilart, her er symmetri eit viktig element – eit døme på det som vert kalla "jordestol" fordi det er tre bein på stolen.

Hjørneskap - kråskap - vegg

Eit kråskap i den same stilen er dekorert med ornamentikk etter rosemaling i art nouveau-tradisjonen. Men denne skap-tradisjonen finn ein også med treskurd og i brunbeisa farge.Kråskap eller hjørneskap.

Høgda på begge kråskåpa skåpa er 110 cm. Djupna til hjørnet er 0,43 cm.

Døra har 6 ruter med mørkt glas der sprosser er i kontrastfargen gult.

Markeringar i alle hjørna er mørkeraud på lys blå botn. Det er i same stil som framskapet. Trearbeidet i desse modellande er laga av Ivar J. Rinde og ornamentikken er måla av Trygve Tveit. Tidspunktet er truleg ein gong mellom  1935 og  1950.

 
Kråskåp med dekor

Begge sidefelta har ornamentikk med utgangspunkt i symmetri med blomster. Blomsterdekoren er med diagonal faregesetnad. På midtaksen er blomstermotivet avslutta med eit blad som er spissa mot venstre. På høgre sidefelt er ornamentikk-dekoren spegelvend. Her er symmetrien difor gjennomført, men art nouveau har ofte primære innslag av asymmetri. Rosemålinga er utført av Trygve Tveit.

Treskurd på sidefelt brunbeisa hjørneskap - vegg . Arbeid av Ivar J. Rinde. Denne typen eller tilsvarande skap var vanleg arbeidsoppgåve på sløydskulen på 1930-talet og utover. Denne kråskap-modellen har eg òg observert andre stader enn berre Sogn.

Eventuelle linjer mellom kunstretninga og lokalt handverk?

Den norske utviklinga av art nouveau kan ha nokre karakteristiske trekk som har gitt inspirasjon til utdanningssystemet og dermed nedfelt seg i undervisninga. Danningsidealet hadde sitt opphav med etableringa av Den Kvinnelige Industriskole frå 1885 og etter kvart vart lærarskulane for estetiske fag etablert. Ved desse lærarskulane fekk handverks- og sløydlærarar si utdanning.(Kvellestad, R V.) Denne utviklinga av estetiske fag har truleg danna grunnlaget for denne art nouveau-tradisjonen innan interiør og design. I tillegg til industriprodukta som kom i handelen, vart truleg møbeltradisjonen utover 1900-talet påverka gjennom sløydundervisninga. Lokal utvikling på dette feltet vart vidareført til by- og bygd via handverks- og sløydlærarar. Framhaldsskulen alternerte ofte mellom bygdelaga i ein kommune, slik det var til dømes i Leikanger kommune. Men framhaldsskulen vart avvikla tidleg på 1960-talet, da ungdomsskulen vart innført.

Desse lokale kunsthandverka, eit framskap og kråskåp med rosemåling, har vore eit samarbeid mellom møbelsnikkar Ivar J. Rinde og rosemålar Trygve Tveit. Skapa og stolane er truleg noko eldre enn rosemålinga. Rosemålinga fann truleg stad på byrjinga av 1950-talet. Kan det vera at desse skåpa har inspirasjon frå art nouveau? Desse skapa bryt med den tradisjonelle framskap- og rosemålingstradisjonen. Framskapet her har fått innsett skapdører med småruta farga glas, noko om ikkje er vanleg i den ordinære framskap tradisjonen. Der er som regel eit ope felt i overskapet. Rett nok viser ein del dekor i art nouveau- retninga at stilen ofte har avrunda hjørne, men slik er ikkje forma her. Likevel har form og fargar på skapdekoren ein del likskap med biletet innleiingsvis, «Erindring frå Gulsvik 1890», i denne artikkelen og anna dekorasjonskunst frå denne tida.

Fragment frå dekor på kråskåp og framskåp:

Kjelder:

Ellingsgard, Nils. (2001) Rosemåling i Valdres. Topografisk Forlag.

Egeland, Knut. (1993) Treskjæring. N. W. Damm & Søn A.S. Tekonologisk Forlag.

Fahr-Becker, Gabriele. (2007) Jugendstilen. Spektrum Forlag AS

Kokkin, Jan. (2018) Gerhard Munthe. En norsk designpioner. Arnoldsche Art Publishers.

Kvellestad, Randi Veiteberg. Flid, nytte og kvalitet. https://docplayer.me/15032690-Randi-veiteberg-kvellestad-flid-nytte-og-kvalitet-danningsideal-ved-den-kvinnelege-industriskole-fra-1875-til-1960.html

Tveit, A.G og G.T. (2018) Intervju om Trygve Tveit.